Treng eit betre driftskonsept

Onsdag i førre veke valde styret i Sauda Fjordhotell Drift AS å gå den tunge vegen til tingretten og slå seg sjølv konkurs. Kort tid etter blei det klart at selskapet som eig sjølve hotellet alt har gått inn og tatt over hotelldrifta. Konkursen løyser imidlertid ikkje alle utfordringane til hotellet.

«Konkursen løyser imidlertid ikkje alle utfordringane til hotellet»

Konkursen i driftsselskapet til Sauda Fjordhotell kjem ikkje spesielt overraskande, dersom ein kikkar på dei økonomiske resultata selskapet har lagt fram. Rekneskapstala for 2017 og 2018 viser underskot på nær 2,6 millionar kroner. Med ein slik «ryggsekk» skal det svært mykje til for å komma ovanpå igjen, trass i signal om positiv utvikling i 2019. Ved konkursen kvittar hotellet seg med ei ikkje ubetydeleg gjeldsbør.

For turiststaden Sauda er det positivt at det fortsatt skal vera drift i hotellet i Saudasjøen. Med eit underskot på «varme senger» i kommunen, treng lokalsamfunnet fjordhotellet også i framtida. Samtidig blir det spennande å følga den vidare utviklinga. Sidan E. F. P. Co. Ltd selde fjordhotellet i 1979 har landemerket i Ytrabygdå skifta eigar ikkje mindre enn fem gonger. Bare unntaksvis har drifta gått i pluss, og undervegs har det bygt seg opp eit ikkje ubetydeleg etterslep på vedlikehaldssida.

Eigedomsselskapet, som nå tar over ansvaret for drifta av hotellet, har akkurat dei same eigarane som driftsselskapet som nyleg slo seg konkurs. Skal dei lukkast, synest dei å vera avhengige av å skaffa finansiering både til oppgradering av bygningsmassen og helst til utviding av overnattingskapasiteten. Samtidig må det nytenking til i hotelldrifta. Både Sauda Fjordhotell og Sauda generelt må kjempa for å trekka til seg turistar, sommar som vinter, i konkurranse med tallause andre destinasjonar. Det kan gjerast både ved å marknadsføra seg meir aktivt, å by gjestene på ei så strålande oppleving at dei snakkar høgt om det kor enn dei fèr, eller helst; begge delar. Det ligg sjølvsagt òg eit potensial i å få saudabuen til å bruka hotellet meir aktivt.

«saudasamfunnet ønsker seg eit hotell i Saudasjøen der «lyset er på»»

«Heile Sauda» er glade i og har eit forhold til fjordhotellet. Dei fleste har opplevd den heilt unike atmosfæren som sit i veggane i den majestetiske trebygninga, på konferansar, julebord, dans, bryllaup og andre samankomstar. Og saudasamfunnet ønsker seg eit hotell i Saudasjøenmed stabil økonomi og der «lyset er på», året rundt. Det vil neppe skje dersom ikkje hotelleigarane «ser lyset» og finn eit betre driftskonsept.