God aktivitet – kjekk møteplass

Ti år etter at vatnet i det gamle utebassenget blei tappa ut for siste gong og sju år etter at anlegget blei jamna med jorda, ligg det nå an til å bli ny aktivitet på området.

Og det er nettopp aktivitet som er stikkordet for dei framtidige planane for denne indrefileten av ei tomt nær sentrum i Sauda. Nærare bestemt aktivitet på hjul. Går alt som ein ønsker, skal det byggast både ny rullebrettpark og sykkelbane der. Med på laget er både kommunen, sykkelklubben, Sauda Asfalt Force og lokale terrengsykkelentusiastar.

Så langt er det sykkelbanen som ligg lengst framme i løypa. Den har alt hanka inn økonomisk støtte frå to sparebankstiftingar i tillegg til fylkeskommunen. For rullebrettparken har det, sannsynlegvis av samansette årsakar, så langt ikkje lukkast å henta inn midlar. Det er synd.

 «I mange år var rullebrettmiljøa i Norge uglesett»

I mange år var rullebrettmiljøa i Norge uglesett og forbunde med noko halvkriminelt. Det var for så vidt rett, all den tid rullebrett var forbode her til lands mellom 1977 og 1989. Sidan den gong har rullebrett, eller skateboard, som det heiter på originalspråket, som sport vakse seg stort og for lengst passert 100 000 utøvarar. Trur ein. For framleis er det slik at store delar av rullebrettkulturen finst i ei meir uorganisert form enn tradisjonelle idrettar. Det ein imidlertid veit, er at rullebrett har blitt ein aktivitet for alle, også i Sauda. Rullebrettanlegget ved Musikkhallen-tomta er òg blitt for lite til føremålet. Sporten veks også i anerkjenning, han er på veg inn i skulen, i alle fall som valfag, og står i 2020 (utsett til 2021) for første gong på programmet under sommar-OL.

«store delar av rullebrettkulturen finst i ei meir uorganisert form»

Anlegget som nå er under planlegging, er tenkt som noko meir enn bare ein aktivitetspark. Dette vil også bli ein god, sosial og uformell møteplass for ungdom i alle aldrar. Slike møteplassar er gull verd, særleg når det i tillegg er lagt til rette for aktivitet der. At staden ligg i tilknyting til stadionområdet og all aktiviteten der, er ikkje nokon ulempe, heller tvert om.

Skal anlegget på utebassengtomta bli ein suksess som aktivitetspark og sosial møtestad, må både sykkelbanen og rullebrettparken bli realisert. Me kryssar fingrane for at begge delprosjekta kjem i mål med finansieringa, for dette er eit svært godt tiltak!