– Industriarbeidar-monumentet må tilbake

Etter å ha lest Ryfylke 5. juni blei eg ikkje så lite overraska og ikkje minst harm. Politikarane held på med å utarbeida idear om ein sykkelbane på tomta som allereie tilhøyrer industriarbeidarmonumentet. Dette monumentet blei midlertidig flytta på grunn av anleggsarbeid som skulle pågå i dette området. Nå er området klarlagt for tilbakeføring av industriarbeidarmonumentet.

Dette er den einaste plassen der monumentet kjem til sin rett, med utsyn til smelteverket rett over elva. Sidan smelteverket er ein av dei største kulturberarane i godt over 100 år her i bygda, skulle det ikkje vera noko dissens om plasseringa. Den respekten bør politikarane ta med seg. Med litt belysning, plantar og nokre benkar i bakkant, vil det bli ei lunge nede ved sentrum for innbyggarane, og ei fin turistoppleving.

Eg vil åtvare politikarane, som bak låste dører utarbeidar omtrent ferdige planar bak ryggen på folket. Dette vil eg ha slutt på!

Når det gjeld sykkelbane kan den byggast oppe ved den nedlagte hestesportbanen i Åbøbyen.

Eg forventar at industriarbeidarmonumentet kjem tilbake på plass utan ytterlegare støy.