Suldalselevane tilbake i Sauda:

Ein gyllen mulegheit

Det kom neppe som noko overrasking at opninga av Sandsfjord bru i 2015 medførte endringar i reisemønstra til folket i Indre Ryfylke. Ei av dei mest negative følgene var eit langt dårlegare kollektivtilbod for skule- og arbeidspendling mellom Sauda og Suldal.

Skuleelevar og arbeidsfolk hadde i «alle år» kunna kombinera hurtigbåt, ferje og buss og funne greie løysingar for å komma seg fram og tilbake i nokolunde rimeleg tid. Då ferja forsvann, skulle reisetilbodet dekkast av buss. Det blei ingen umiddelbar suksess. Ein ting var at bussen brukte lenger tid mellom Sand og Ropeid enn ferja gjorde. Ein annan at rutene som blei presentert var lite pendlarvennlege, med venting og dårleg korrespondanse.

Dette var mildt sagt dårleg nytt for den vidaregåande skulen i regionen. Mykje tyda på at dei krøkkete reisemulegheitene medverka til at mange suldalselevar heller valde andre skular enn sin lokale, då skulen i Sauda brått blei langt mindre tilgjengeleg enn før.

«også for å sikra rekruttering til arbeids- og næringsliv lokalt»

Både skulen og lokalsamfunna engasjerte seg for å å få betra det forringa rutetilbodet. Litt etter litt blei både hurtigbåt- og bussruter tilpassa ønske og behov for dei reisande. 16-åringane frå Suldal heldt imidlertid fram med å velja andre skular enn «sin eigen». Heilt fram til i år. For første gong på fleire år har meir enn halvparten av elevane frå Suldal nå ønska seg til Sauda vidaregåande skule.

For ein vidaregåande skule i distrikts-Norge må det sjølvsagt vera eit mål at størstedelen av ungdommane som bur i regionen vel «sin» skule, så lenge denne tilbyr utdanninga elevane siktar seg inn på. Samtidig er det i høgste grad i vertskommunane si interesse å halda elevane «heime» så lenge som muleg. Dette både for å behalda eit vidaregåande skuletilbod på staden, men også for å sikra rekruttering til arbeids- og næringsliv lokalt. Det viser seg betydeleg vanskelegare å få ungdommen heim igjen jo tidlegare dei flyttar frå heimstaden.

«ein fin-fin mulegheit for Sauda vidaregåande skule»

Ein kan sjølvsagt diskutera kor rett det er av Suldal kommune å gi ungdom som vel Sauda vidaregåande skule eit eige stipend. Det synest å vera klart at pengestøtta får fleire til å velja lokalt, og suldalspolitikarane oppnår dermed det dei ønsker med tiltaket. Ei slik langsiktig investering kan fort kasta godt av seg, på sikt.

Auken frå 25 prosent til 60 prosent av suldalselevane er for ein fin-fin mulegheit for Sauda vidaregåande skule til å selja seg sjølv inn som det føretrekte skulevalet i nabokommunen. Då må skulen levera kvalitet både på innhald og miljø. Det har skulen gode føresetnader for å klara.