Leiv Arild og Volvoen

Her kjem siste bolken av soga om Leiv Arild, Arthur og venene deira.

Å vera i festleg lag med Arthur og Leiv Arild var alltid kjekt, ikkje minst hugsar eg våre minnerike mannssamvær der Arthur alltid imponerte med sin utrulege kunnskap om idrett generelt, og rundetider/skøytetider spesielt. Med sin heilt unike hukommelse demonstrerte han blant anna kastteknikken til tre kjende, norske spydkastarar: Egil Danielsen, gull i OL i Melbourne i 1956 med 85,71m, Willy Rasmussen med 5. plass i OL i Roma i 1960 og Terje Pedersen med verdsrekord på Bislett, 91,72m i 1964.

Kveldens vert, Knut Saua hadde bygt på huset, men stova var likevel noko kort til at Arthur fekk utfalda seg skikkeleg med førebuing, tilløp, sjølve kastet, brølet og «nedslaget.» For at Danielsens OL-kast skulle vera så autentisk som mogeleg, fekk derfor underteikna i oppdrag å spela ein sløv funksjonær som visstnok hadde gått i vegen og hindra Danielsen. Tenk om me hadde hatt mobilar for 40 år sidan!

Leiv Arild var forresten ein habil kokk, og eg gløymer ikkje då han serverte terteskjell med fiskebollar, kvit saus, reker og erter, slike som mor ofte laga då ho hadde kvinneforening på 60- og 70-talet. TV-kokken den gong ved sida av Ingrid Espelid Hovik var Hroar Dege, også kjend frå restauranten, Tre Kokker. Leiv Arild var denne kvelden utstyrt med stor kokkehatt og heitte berre Hroar Dege.

Vårt siste møte i juni i år hadde også med mat å gjera. Etter bra fangst av både fisk og krabbe i Skipavåg tok eg turen oppom Fløgstad med nokre smaksprøvar. I godt humør sat Leiv Arild på terrassen i kjend stil, og han ville ha full rapport om kor krabben var, og kor torsken stod. Blid som alltid, sterk og klar!

«Kin sin son va denne allsidige kultursjefen?» Jo, foreldra var Gudrun og Leif Berg, og det finst sjølvsagt alltid meir eller mindre sanne historier som fortel litt om eplet og kor kort/langt det fell frå stammen. Det blir for eksempel fortald om Berg senior at han møtte eit stolt ungt par med barnevogn, kikka på den nyfødde med den snåle kommentaren: «Det va ein fine unge, likna verken på mora eller faren.»

På folkemunne i Skipavåg går også historia om at Leif Berg ville ha kjellar i hytta, stod tidleg opp og skaut visstnok med dynamitt under hytta medan kona låg og sov. Ingen kan rømma frå arv og miljø. Leiv Arild var glad i Skipavåg, og i følge Arthur hadde han slik fiskelukke at han kunne få fisk på tørr asfalt. Arthur var derimot totalt hjelpelaus med fiskestang og alle praktiske operasjonar, og ein gong på veg til kamp var han såpass stressa at han ikkje klarte å åpna ei øskje drops, trur det var Domino eller PP.

Leiv Arild tilhøyrde ein utdøyande rase av hyttefolk som hadde sine faste fiskeplassar, og i kjend positur i trebåten med den gamle påhengaren kunne me sjå han dra utover til favorittplassen sin. Det var nok ikkje alltid han hadde strøken orden i fiskesakene, og for ca. ti år kom han innom hytta vår for å få laus ein sluk kor kroken nesten hadde gått gjennom fingeren. Han meinte bestemt at Wenche på legekontoret var mykje tøffare med den slags enn Berit. Som observatør kan eg slå fast at operasjonen var vellukka, og pasienten ein ordentleg tøffing.

Kva var nå overskrifta? Jo, Leiv Arild og Volvoen, den mørkegrøne 144-en som han i mange år suste rundt i. La det vera sagt med ein gong: Leiv Arild var ikkje som mange andre bileigarar, og han hadde eit avslappa forhold til bil og vedlikehald. Den siste bilen hans var vel ein Corolla frå 80-talet som han overtok etter naboen, gamle frisør Garstad. Eg tar neppe munnen for full dersom eg påstår at Leiv Arild ikkje var blant dei hyppigaste kundane på Esso, for vask eller kjøp av bonevoks. Kanskje hadde han tatt skrekken frå vår tidlegare kollega som gjerne ville bona heile bilen i ein smell? Han smurde inn bilen med voks som skulle tørka maks 15 minutt, men fekk så besøk og gløymde alt. Resultatet var ikkje akkurat den blankaste Renaulten!

Så var det altså denne eine spesielle søndagen for mange år sidan då makrellen beit så vanvittig. Sjå for deg Leiv Arild dra opp snøret med 5-6 i slengen, og han storkosar seg. Det er moro så lenge det varer, men kva gjer du med båten full av makrell? Kven har stampar til slikt, og kor skal du gjera av det? På kurs heiter det å vera løysningsorientert, og ein handlingens mann visste råd. Leiv Arild rygga resolutt ut på kaikanten, heiv all makrellen direkte opp i bagasjerommet og køyrde nøgd heimover for så å dela ut makrell.

Duft av makrell i bil er vel ikkje noko stas? Då må me hugsa på at Leiv Arild hadde noko så originalt som hol i bagasjerommet, det var neppe originalt frå fabrikken i Gøteborg, for eg kan ikkje minnast noko liknande i «våre» to Volvoar på 70-talet. For Leiv Arild med sin gamle, slitne Volvo var det jo berre å spyla godt og kanskje supplera med litt Wunderbaum eller dagens populære antibac?

Me høyrer ofte om å vera på feil plass til feil tid. Kva med å vera på rett plass til rett tid? Då tenker eg på den gongen Arthur og Leiv Arild kolliderte. Det var tid for revyøving, og frå Fløgstad tok Arthur ein liten omveg rundt Hølland for å «trekkja litt frisk luft» då Leiv Arild rygga ut på Høllandsvegen utan full oversikt. Tenk å ha vore fluga på veggen og fått med seg den replikkvekslinga! Kanskje var dei ikkje dei beste sjåførane, men mykje viktigare: Dei var gode, rause medmenneske, og eg saknar humoren, kreativiteten og galskapen deira!

Leiv Arild Berg i sitt ess. Foto: Privat.