Ingen veg utanom

To år fram i tid må vegfarande langs fylkesveg 520 mellom Sauda og Ropeid belaga seg på lengre reisetid enn ein er vant til. Over ein periode på kanskje så mykje som eitt år, vil Honganviktunnelen og Varstadtunnellen bli oppgradert i tråd med gjeldande forskrift for tunnelar på fylkesvegnettet.

Fjell- og fjordlandet Norge byr på mange utfordringar når stadig aukande krav om effektivitet og kortare reisetid veks fram, og utvikling og utbygging av vegnettet skal svara til desse forventningane. Løysinga er i mange tilfelle fleire og lengre tunnelar. Også denne medaljen har imidlertid ei bakside i form av utfordringar med å ivareta tryggleiken til trafikantane. Fokus på tunneltryggleik er imidlertid ikkje eit særnorsk fenomen. Alt i 2007 førte EU-krav til ei norsk tryggingsforskrift for tunnelane på riks- og europavegar. Åtte år seinare kom ei tilsvarande forskrift for fylkesvegane.

«På kort sikt er tunnelarbeidet dårleg nytt for saudasamfunnet»

Arbeidet med å setta alle norske vegtunnelar på meir enn 500 meter i forskriftsmessig stand er eit langvarig og kostbart arbeid. Norge er imidlertid gjennom EØS-avtalen forplikta til å gjennomføra oppgraderinga. Midlane blir finansiert over statsbudsjettet og går ikkje ut over fylkeskommunane sine frå før skrantne vegbudsjett.

På kort sikt er tunnelarbeidet dårleg nytt for saudasamfunnet. Gamlevegen, som skal nyttast til avlasting, har ikkje kapasitet i nærleiken av tunnelane. Og større kjøretøy skal leiast gjennom tunnelen av ein leiebil. Det vil fort bli godt synleg kor mange kjøretøy som eigentleg nyttar vegen, med andre ord kor mykje 932 bilar, gjennomsnittleg døgntrafikk i 2019, er når dei skal losast forbi ein flaskehals. Resultatet er høgst sannsynleg at alle må rekna med ventetid og lågare fart forbi arbeidsområdet. Slike «humpar i vegen» gagnar sjølvsagt ingen, verken yrkestransport eller privatbilistar.

«alle må rekna med ventetid og lågare fart»

Dei ferdig oppgraderte tunnelane vil dessverre ikkje by på redusert reisetid langs fylkesvegen. Til gjengjeld får Honganviktunnelen og Varstadtunnelen eit betydeleg løft når det kjem til tryggleik, og vil i framtida ha betre føresetnader for at det skal gå godt om uhellet er ute. Det får vera ei trøyst når ein blir ståande og venta på neste leiebil. Og så er det som nemnt ingen veg utanom. Bortsett frå for syklistane då, som etter at tunneloppdraget er vel i hamn kan legga vegen utanom fylkesvegen på den nyopprusta gang- og sykkelvegen langs gamlevegen, på utsida av tunnelane.