Ivrige søppelplukkarar, framme frå venstre: Oskar Helle Løvaas, Emilian Ringstrand Haga, Pshdar Zainy og Leon Halleraker. Bak ser me, frå venstre: Mille Amalie Dolmen-Albertsen, Neo Øye, Adbiwali Ahmed Nuur, Jesper Kvaløy, Ruwyda Ahmed Adbi, Oliver Oxaal Bastlien, Karoline Espeland, Hiyab Dlbantu og Mariell Lofthus Hagevik.
Ivrige søppelplukkarar, framme frå venstre: Oskar Helle Løvaas, Emilian Ringstrand Haga, Pshdar Zainy og Leon Halleraker. Bak ser me, frå venstre: Mille Amalie Dolmen-Albertsen, Neo Øye, Adbiwali Ahmed Nuur, Jesper Kvaløy, Ruwyda Ahmed Adbi, Oliver Oxaal Bastlien, Karoline Espeland, Hiyab Dlbantu og Mariell Lofthus Hagevik. FOTO: Ingvil Bakka.

9-åringar på søppelskattejakt

Fjerdeklassingane på Fløgstad skule førebur seg på årets tv-aksjon.

– Det var litt gøy. Ja, nesten som ei skattejakt, bare mykje enklare. Det var jo søppel overalt, fortel Neo Øye.

Niåringen og klassen hans brukte heile tysdag føremiddag til å plukka søppel i fleire gater i Åbøbyen, nedover mot sentrum, og nede på Tangen.

– Med bakgrunn i årets tv-aksjon, som handlar om forsøpling i havet. Derfor var me også nedom Tangen og plukka søppel me fann i elva og sjøen, fortel klassestyrar Siv Borghild Knutsen.

Klassen returnerte til skulen med fleire plastsekker med avfall. Blant avfallet var det både mykje ”vanleg” søppel som plast og papir, men også noko metall.

– Ein del av ein gammal, rusta sykkel, fortel Neo.

Ein papirpose blei tatt med for å hiva i papirdunken for gjenvinning.

Ein av elevane fann også ei heilt fin plastbøtte som han vel å ta med seg heim.

– Kva synest de om at det er så mykje søppel rundt omkring?

– Det er dumt. Ikkje fint. Folk bør hiva det i søppelkassar, seier Mariell Lofthus Hagevik.

– Når eg ser søppel i nærleiken av ei søppelbøtte, pleier eg å plukka det opp og hiva det, fortel Neo.