Fylkesmannen i Rogaland stiller seg sterkt kritisk til at Sauda kommune har godkjent bygging av ein 2,5 kilometer lang skogsbilveg i fjellet nord for Svandal. Vegen skil seg frå andre lokale vegar i same kategori ved at endar i eit område som ligg nær 1 000 meter over havet.
Saka om vegen til Eggjedn reiser fleire prinsipielt viktige spørsmål. Bør det vera ei grense for kor høgt og langt til fjells det skal vera lov til å bygga veg? Deretter korleis denne grensa skal settast. Det er kjent at menneskeleg aktivitet i utmarka påverkar økosystema. Ei rekke raudlista artar både i flora og fauna blir pressa av hytte-, veg- og kraftutbygging. Og i fjellet er naturen ekstra sårbar. Det er heller ikkje til å komma forbi at grensesprengande løyve skapar forventningar om likebehandling frå andre eventuelle søkarar.
«Bør det vera ei grense for kor høgt og langt til fjells det skal vera lov?»
Argumenta som er lagt til grunn for å tillata bygging av vegen er knytt til landbruksformål. Det er lett å vera einig i at styresmaktene, både lokalt og sentralt, bør strekka seg langt for å legga til rette for meir effektiv og rasjonell drift i denne sentrale, men likevel pressa, næringa. Dette påpeikar også fylkesmannen i sitt brev. Å strekka seg langt vil likevel ikkje vera det same som at det ikkje finst avgrensingar.
«Å strekka seg langt vil likevel ikkje vera det same som at det ikkje finst avgrensingar.»
Eit tredje prinsipielt spørsmål i denne saka, handlar om kven som er best skikka til å forvalta ressursane i ein kommune. Bør kommunane sjølv ha all makt, eller er ein best tent med at statlege styresmakter har rett og plikt til å gripa inn overfor kommunane når dei meiner nasjonale føringar er sett til side? Og burde høgfjellsproblematikken vore spesielt omtala i ein kommuneplan, for dermed å ha ei slags ramme å halda seg til?
Grunneigaren som har søkt og fått innvilga bygginga av Eggjednvegen er naturlegvis i sin fulle rett til å senda ein slik søknad. Samfunnet må kunna forventa at kommunen, som profesjonell instans, ivaretar både lokale og nasjonale retningslinjer når søknaden blir behandla.
Fylkesmannen sitt krav om innsyn i alle saker som omhandlar skogsbilvegar dei neste femten månadene, er ei ripe i lakken for Sauda kommune og eit signal om at problemstillingar knytta til skjæringspunktet mellom naturvern og næring generelt gjerne burde vore drøfta politisk.