Tveittunet.
Tveittunet. FOTO: Tore Bastlien Dahl/arkiv.

Tveit-tunet er eit komplett gardstun

Tunet avspeglar gamletida og bondekulturen gjennom hundrevis av år.

Forutan skomakar- og noko snekkerarbeide, var det inga industri for sysselsetting, så unge menn med tankar om eigen heim med kone og barn, måtte finne ein stad å slå seg ned, og starta med spett, spade, greip og grev, med å laga seg nokre åkerlappar, og byggja seg hus.

Det viktigaste for bureisaren var å få reist våningshuset, men óg løa med fjøs, med plass for hest som for øvrig ofte fekk tiltenkt plass langt seinare, men kyr, ein gris og høner.

Sauene fekk oftast plass i ein frådelt del av mottinga. Både økonomisk og arbeidsmessig var det ein krevande periode. Bureisaren måtte ofte leige snekker, men fekk nok dugnadshjelp frå grendar, som for Tveit var Amdalsgardane til Rødstjødna, Fosstveit, Skår og Ivarsrød.

Tveit-tunet viser å ha vore ein heim i mange generasjonar, då der er både stall, folgehus med fjøs og løe, vedaskut og eldhus. Kvernhuset stod ved Storebekk nærare Amdal.

Stovehusa var ofte, som på Tveit-tunet, bygd med to lafta stover av tømmer, med eit rom mellom, for trappeoppgang, kjøken og gang. Det var open grue med kokeplass, hyller, benk og knaggar for kler.

Over daglegstova var ein ”lemm” med luke i golvet, der varmen kom opp frå den gode ovnen som gamle Kristen henta i Ulefoss og køyrde heim på vinterføre, med ein hest med tryg. Ja, då vart truleg stovelemmen ein god soveplass.

Bua var stasstova og bua-lemmen vart nytta til mjøl, såkorn og meir som sto i digre kjør (tønner). I veggen over inngangsdøra på Tveit-tunet, er det eit lite flaskegrønt glas, som etter utsagn skal vera eit tidleg utkast av ei glasrute.

Kven veit, huset er gamalt og einkvan kan ha prøvd seg i faget. Vegen til sjøen og krambua gjekk om Fosstveit, Skår og Tveiteliane, men tidleg på 1900-talet vart vegen me kjenner i dag bygd.

Ute i Europa og enkelte stader i Norge vart det skifer på tåkene, men det var lite relevant for småkårsfolk i bygde-Norge. Her var det never og torvtak. For den som tenkte på ”tåkedugnad”, måtte vera flittig med å samla never, når bjørkar svadde og gauken gol. Nevar måtte liggja i press ei tid før bruk.

Tveit-tunet er som antyda av unik verdi, men i dagens samfunn treng ein noko meir. Det viktigaste er å få på plass eit styre som har interesse og kunnskap om utvikling tilsvarande dei som utførte mirakler på Tinghaug. Det bør byggjast eit sanitærbygg med toaletter og vaske-mulegheiter, og til det trengst det ny brønn, og septiktank.

Ein liten kafe med enkel servering og til tider ein guide som kan stå for orientering om omvisning.

Forrige gong turistinformasjonen la lokk på infoen om Tveit-tunet, var på grunn av at vegen var for smal for store turistbussar. Den floken kan vel løysast nå, skulle ein tru, med mindre bussar.