Yppar til konflikt

Onsdag blei det klart at kommunane Ås, Suldal og Sauda har sigra i rettssaka mot Statnett, etter at statsføretaket hadde valt å prøva ein eigedomsskattetvist for rettssystemet. Dommen frå Oslo tingrett vil vera relevant for alle kommunar som har kraftlinjer, og saka er derfor av stor prinsipiell betydning. Statnett har èin månad på seg for å fremma ein eventuell anke.

Saksøkar Statnett får i tingrettsdommen ikkje medhald i eitt einaste av spørsmåla dei hadde valt å ta til retten. Kommunane får mellom anna stadfesta at dei har vore i sin fulle rett til å krevja inn eigedomsskatt for areala Statnett bandlegg i samband med linjeframføring. For kommunane utgjer dette naturleg nok viktige inntekter.

«det er staten sine anlegg på eigedommen som utløyser eigedomsskatt»

Den mest oppsiktsvekkande påstanden frå Statnett si side er likevel at det er grunneigarane som skal betala eigedomsskatten som blir utløyst når det blir sett opp kraftlinjer på grunnen. Retten klargjer imidlertid i dommen at det er staten sine anlegg på eigedommen som utløyser eigedomsskatt og at Statnett derfor er den skattemessige eigaren av grunnen der kraftlinjene står.

Det er grunn til å stilla spørsmål ved Statnett sitt val om å trekka kommunane for retten for å få avklara prinsipielt viktige spørsmål og eventuelt gjera endringar i skattlegginga av kraftlinjer og tilhøyrande anlegg. Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar ved leiar Torfinn Opheim meiner til dømes at dette er mat for lovgivande instans, ikkje domstolane.

«Framgangsmåten er heller ikkje godt eigna til å ivareta eit godt samarbeidsklima»

At eit statsføretak vel å gå til søksmål mot landets kommunar, er i seg sjølv oppsiktsvekkande, i alle høve når det finst andre måtar å tilnærma seg spørsmåla på. Ei saksøking inneheld eit potensielt høgare konfliktnivå enn om ein arbeider for å påverka aktuelle administrative og politiske nivå til å setta problemstillingane på dagsordenen. Framgangsmåten er heller ikkje godt eigna til å ivareta eit godt samarbeidsklima mellom Statnett og kommunane med omsyn til framtidige byggeprosjekt.

For grunneigarar ville endringar i skattereglane i tråd med Statnetts påstand gitt eit heilt uverkeleg resultat. Å mista råderetten over eigen grunn og attpåtil måtta betala eigedomsskatt for arealet framstår heilt absurd. At eit statleg føretak vil velta skattebyrden over på grunneigarane, er i det heile tatt ganske usmakeleg.