Rett tid for å tenka nytt – igjen

Kampen for å få starta opp eit Yrkes- og studiekompetansetilbod ved Sauda vidaregåande skule, resulterte i ein trong fødsel og ei relativt krevjande barseltid skuleåret 2018/19. Interessa for YSK-tilbodet har etter dette aldri tatt heilt av, og tida synest å vera moden for nytenking i arbeidet med å selja inn tilbodet blant dei unge.

«Interessa for YSK-tilbodet har etter dette aldri tatt heilt av»

Sein avklaring frå fylkespolitikarane gjorde sitt til at det nye tilbodet, som gir både fag- og studiekompetanse, bare fekk fem elevar ved oppstart hausten 2018. Seinare tok elleve elevar fatt på det fireårige tilbodet i 2019. I dag, halvannan månad inn i det tredje skuleåret, er det totalt 20 YSK-elevar ved skulen.

«YSK-framtida ville sett betydeleg lysare ut med større søking og fleire elevar»

Fylkestinget sitt YSK-vedtak frå desember 2017 omfattar eit fireårig prøveprosjekt ved Sauda vidaregåande skule. Seinare har det kome signal om at tilbodet framleis har brei politisk støtte. Også næringslivet, med Eramet Norway Sauda og Norsk Stein AS i spissen, heiar på YSK-tilbodet, og nettopp samarbeidet med lokale næringsaktørar blir halde fram som ein viktig faktor for å lukkast med prosjektet. Ti bedrifter i Ryfylke, på Haugalandet og på Nord-Jæren har tatt imot praksis-lærekandidatar frå skulen i Sauda og fleire andre har meldt si interesse. Det er likevel ikkje til å komma forbi at YSK-framtida ville sett betydeleg lysare ut med større søking og fleire elevar, dette trass i at den vidaregåande skulen i Indre Ryfylke gjerne blir positivt forskjellsbehandla samanlikna med skular i meir elevtette område.

Etter tre års eksistens tyder mykje på at skuletilbodet som gir både yrkes- og studiekompetanse ikkje sel seg sjølv overfor potensielle framtidige elevar. Når Sauda vidaregåande skule nå varslar ei opptrapping av arbeidet med å rekruttera elevar til YSK-tilbodet, er dette både kjende og dels nye takter frå det haldet. Kjende, fordi skulen er vant til å kjempa for tilværet. Nye takter fordi ei meir aktiv og pågåande marknadsføring bringer skuleleiinga endå eit hakk utanfor den tradisjonelle skuledrifta enn der ein tidlegare har operert.

Sjølvsagt kunne rektor Bård Lien og gjengen på Lofthus sett seg godt tilbake i stolen og hevda at det vil gå tid før elevane i fylket i tilstrekkeleg grad blir klar over YSK-tilbodet i Sauda. I staden vel dei i ta tyren ved horna og ta ei aktiv rolle i kampen for å lokka til seg elevane og med det auka sjansen for å få behalda tilbodet ved skulen. Den haldninga liker me!