Dette er bare starten

Det fanst ikkje spor av silkeføret rådmann Rune Kloster Tvedt varsla for eitt år sidan då har onsdag la fram administrasjonen sitt forslag til kommunebudsjett for 2021. Tala han la fram viste den brutale sanninga om sviktande inntekter og eit forbruk som ikkje står i stil med lommeboka.

Ifølge kommunens øvste administrative leiar har Sauda framleis gode inntekter. Og ein kan skimta nokre lyspunkt i den demografiske profilen. Dette druknar likevel i dei kortsiktige økonomiske utsiktene, som mellom anna får rådmannen til å føreslå å fjerna tjue stillingar.

«Jobben med å slanka ned kommuneorganisasjonen er med andre ord ikkje over»

For første gong innrømmer Tvedt at dei føreslåtte kutta kjem til å gå ut over kvaliteten på det kommunale tenestetilboda. Han nemner konkret at lista for å få hjelp for dei eldre kjem til å bli heva. Det er også rimeleg å forventa at den føreslåtte reduksjonen med ti årsverk i oppvekstsektoren kjem til å gå ut over kvaliteten på opplæringstilbodet. I tillegg blir det dyrare å vera saudabu, gjennom auka betalingssatsar for fleire kommunale tenester.

Det er samansette årsaker til at den kommunale lommeboka skrumpar inn. Statleg underfinansiering av ressurskrevjande brukarar og av barnehagereformen er litt av bildet. Generell nedgang i skatteinntekter og redusert rammetilskot, som følge av synkande innbyggartal ein anna del. Hovudgrunnen ved denne krossvegen er likevel synkande kraftinntekter, mellom anna som følge av lågare kraftprisar. Det er enkelt å seia at dei folkevalde burde vore langt meir forsiktige med kraftpengane som strøymde inn i 2019 og 2020 når ein ser at inntektene frå kraft desse to åra var 30 prosent høgare enn snittet dei føregåande fire åra.

«Kommuneøkonomien i Sauda er i dag ute av kontroll»

Trass i omfattande forslag til kutt, klarer ikkje administrasjonen å legga fram eit budsjettforslag i balanse. 2021-utkastet har eit meirforbruk på åtte millionar kroner. Dette kan gjerast så lenge det er sett inn «peeng på bok» tidlegare år, men er sjølvsagt ikkje berekraftig og langt frå ideelt. Jobben med å slanka ned kommuneorganisasjonen er med andre ord ikkje over med neste års budsjett. I forslag til økonomiplan for 2022 til 2024 er det lagt til grunn lågare utgifter til drift for kvart år, og dei totale inntektene er ikkje venta å nå 2019-nivå før etter 2024.

Kommuneøkonomien i Sauda er i dag ute av kontroll. Den kontrollen er det opp til våre lokale folkevalde å vinna tilbake. Det kjem til å gjera vondt, men ein solid snuoperasjon synest per i dag uunngåeleg.