Jul i Ryfylke av Arne Brimi-lærling Frode Selvaag frå Sandeid og Tor Øyvind Skeiseid frå Finnøy, byr på gode møte, god mat og gode fortellingar – og 70 sider med juleoppskrifter.
Jul i Ryfylke av Arne Brimi-lærling Frode Selvaag frå Sandeid og Tor Øyvind Skeiseid frå Finnøy, byr på gode møte, god mat og gode fortellingar – og 70 sider med juleoppskrifter. FOTO: Elin Engelsvoll.

Gir ut bok om Ryfylke-julemat:

God mat og gode møte med ryfylkingen

Ti år etter «Matgleder i Ryfylke», er «ryfylkekokken» Frode Selvaag og Tor Øyvind Skeiseid igjen bokaktuelle. Med «Jul i Ryfylke» tar dei lesaren med på ei mat- og matkulturell reise rundt i regionen.

«Jul i Ryfylke» er boka som ikkje skule skrivast. Eller kanskje skulle ho det. Men ikkje i år.

Så kom Mister Korona og viska ut alt av oppdrag og avtalar for dei to herrane Skeiseid og Selvaag. Og så blei det bok likevel.

Resultatet er ei 240 sider rikt illustrert rundreise i Ryfylke, der forfattarane presenterer både mat, folk og juletradisjonar frå heile regionen. I løpet av sommaren har dei to turnert øy- og fjordalangs saman med fotograf Elin Engelsvoll. Julemat blei juni-, juli- og augustmat. Og kvitskorte og slips henta fram frå skapet.

Møte med ryfylkingar og mat

Mat i Ryfylke er så mangt, kjem det fram i boka. Forfattarar og fotograf gjestar Janne og Nicholas i Sauda, som lagar pinnekjøt og fenalår. Gunvor på Ryfylke Bakeri og Konditori bakar julebrød. Dei smakar på prisløna laks hos laksekongen sjølv, King Mikal på Skiftun. Elisabeth som lagar Norges beste Eplemost. «Fylkeskånå» Magnhild Meltveit Kleppa og systera Marit. Inger Lise og Anders på Klostergarden på Mosterøy. Juletreprodusentane Mikal og Kristine i Hjelmeland, ein ungarsk rumenar, twitterdronninga i Suldalsposten og organisten Arne.

Kan ein eta grisetunge?

Det handlar mykje om mat i boka. Både dei som produserer råvarene og dei som lagar maten klar til å settast på bordet. Mat for ungar, mat for allergikarar, men mest av alt; tradisjonsmat.

Går det eigentleg an å eta torsk på julaftan? Er det det minste snev av høgtid i ein torskemiddag? Kan ein eta grisetunge? Kven hadde pølse og potetstappe som julemeny i barndommen? Og så handlar det om smultringar, graut, delfiakake, sild og julebord. For ikkje å gløyma oppskrifter. Som det ennå er tid til å prøva ut om du er skeptisk til å å endra på suksessoppskrifta familien har halde seg til sidan tidenes morgon.

Innimellom reportasjane, byr boka på små julehistorier frå eit knippe ryfylkingar, mellom dei saudaordførar Asbjørn Birkeland. Og kåseri, ført i pennen av forfattarane.

Boka er i det heile godt lesbar med ein lett humoristisk tone, både i dialogen mellom forfattarar og intervjuobjekt og i kåseria. Det er kanskje ikkje gapskratt-løye, men meir lunt, forsiktig og humre humre-aktig. Slik me gjerne er i Ryfylke…

For dei som likar slikt, dukkar elles forfattarane opp på Folkets Hus tidleg i desember med forestillinga «Juleglitter». Der lovar dei både mat, musikk, alvor og skjemt.