Jan Terje Vignes frå Lauvsnes gartneri er årets Pilt-Ola.
Jan Terje Vignes frå Lauvsnes gartneri er årets Pilt-Ola. FOTO: Tor Øyvind Skeiseid.

Tomatgartnar fra Finnøy årets Pilt-Ola

Jan Terje Vignes blei i dag tildelt Ryfylkealliansen sin Pilt-Ola-pris for 2020.

– Årets vinnar er ein ekte Pilt-Ola, slo fylkesordførar Marianne Chesak fast då ho overrekte prisen i samband med årets digitale utgåve av Ryfylkekonferansen torsdag føremiddag.

Jan Terje Vignes er fjerde generasjons tomatdyrkar frå Lauvsnes på Finnøy. Han overtok verksemda som 18-åring i 1999, og har sidan utvikla gartneriet som i dag har 30 000 kvadratmeter drivhus og sysselset 45 tilsette.

– Jan Terje vil at folk skal få god og sunn mat. Han løftar ein heil bransje. Han er ein samfunnsbyggar, og han har møtt kongen. Ikkje som Pilt-Ola med ein reinsdyrflokk over fjellet. Men i Lauvsnes Gartneri, heime på Finnøy i Ryfylke, sa Chesak.

Pilt-Ola heitte eigentleg Ole Olsen Songesand og var husmannsson frå Lysefjorden. Han blei ein viktig person i oppbygginga av Norge etter 1814, der han heile livet arbeidde med eitt mål for auget – å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, han gjekk mellom anna til Rørosområdet for å kjøpa tamrein og søka faglege råd hos samane om tamreindrift.

Pilt-Ola-prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenka nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god fortelling i Pilt-Ola si ånd. Dette kan både gjelda innan næringsliv og andre samfunnsmessige tiltak.

Det er fjerde gongen Ryfylkealliansen deler ut Pilt-Ola-prisen. Tidlegare vinnarar er Jon Arne Helgøy, Bjørn Moe og Magnhild Meltveit Kleppa.

Årets jury har bestått av Marianne Chesak, Magnhild Meltveit Kleppa, Audun Rake, Geir Ims og Eirik Moe. Prisen er ein statuett utforma av Svein Håvarstein.