Sauda vidaregåande skule.
Sauda vidaregåande skule. FOTO: Arkiv

Stenger hovudskulen etter at tilsett testa positivt for covid-19

Sauda vidaregåande skule innfører heimeundervisning og heimekontor dei neste dagane.

Sauda kommune kunngjorde søndag ved 13.30-tida at ein tilsett ved Sauda vidaregåande skule hadde testa positivt for koronavirus. Ved 18-tida melder både kommunen og skulen at smittefunnet vil få konsekvensar for drifta ved skulen.

For å få betre oversikt og kontroll på situasjonen, vel skulen i samråd med kommuneoverlegen i Sauda kommune å stenga dørene ved hovudskulen på Lofthus.

– Hovudskulen i Sauda (Lofthus) går over til heimeundervisning og heimekontor for elevar og lærarar frå og med måndag 16.11 til og med onsdag 18.11, opplyser rektor Bård Børresen Lien.
– Dette gjeld også elevar som etter planen skulle hatt praksis desse dagane – dei skal også halda seg heime dei neste dagane, legg Lien til.

Ifølge rektoren vil undervisninga ved avdelingane på Sand og Birkeland halda fram med fysisk frammøte. Desse avdelingane vil òg setta i verk tiltak for å isolera seg mest muleg frå hovudskulen.

Lien opplyser vidare at alle elevar og tilsette som blir råka av endringane dei neste daganevil  få meir spesifikk informasjon frå skulen om korleis dei neste dagane vil bli.

Sosiale tiltak for elevane, som trening og elevkafè, vil inntil vidare vera avlyst.

Rektor Lien fortel at skulen var førebudd på at ein slik smittesituasjon kunne oppstå og hadde oppdaterte beredskapsplanar for å kunna handtera situasjonen best muleg. Han presiserer likevel at det er kommuneoverlegen som avgjer kva tiltak som skal settast i verk.

Prøvesvar på tysdag

Det har heile søndag ettermiddag pågått arbeid med smittesporing. Ifølge kommuneoverlege Knut A. Omdal er smittesporingsteamet godt i gang.

– Me er i ferd med å få kontroll på smittesporing og testing. Me har imidlertid ikkje full oversikt over smittelinjene ennå, seier Omdal.

Sauda vidaregåande skule bistår Sauda kommune i smittesporingsarbeidet.

– Kommunen skriv i ei pressemelding nå i kveld at nærkontaktane til den smitta blir sett i karantene. Kor mange personar er dette snakk om?

– Eg har ikkje det eksakte talet, men det er ein del, opplyser kommuneoverlegen.

Omdal opplyser at svara på prøvane som er tatt i dag er venta først på tysdag.