Kjøp Fairtrade, redd liv!

Du som les dette, handlar nok kvar veke, men tenkjer du faktisk over kva du handlar? Ja, eg meiner sjølvsagt meir enn berre handlelista, pris og kvalitet. Tenkjer du verkeleg over at det du handlar på butikken speler ei tydingsfull rolle i verdssamfunnet? Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som arbeidar dag og natt for å styrke bønder og arbeidarar som lever under umenneskelege forhold. Sjølv om dei legg inn svært mykje arbeid er dei avhengig av at vi gjer vår del av jobben, altså å kjøpe fleire Fairtrade-merka produkt. Eller,- ynskjer du ikkje å hjelpe desse uskuldige bøndene? Folk flest synest berekraftig utvikling er avgjerande for framtida vår og for framtidige generasjonar, men kvifor er dette så viktig for Fairtrade?

For det første, avgrensar fattigdom berekraftig produksjon. Klimaendringane vi alle kjenner til råkar sørlege land verst, og skal bønder og arbeidarar fortsette å dyrke jorda og produsere råvarer, er dei nøydt til å tilpasse seg klimaendringane. Dette klarer dei ikkje utan vår hjelp. Småskalabønder utgjer 1/3 av verdas befolkning, og fleirtalet av desse lever under utenkelege forhold. Desse bøndene produserer heile 40 prosent av all mat som blir seld og 70 prosent av all mat som blir produsert. Så er det ikkje på tide at vi opnar auga for desse også? Fattigdommen dei lever i per dags dato gjer det ikkje mogeleg å leggje over til ein meir berekraftig produksjon, og dei fleste er vel for ei berekraftig utvikling? For ei berekraftig omsetting handlar nemleg ikkje berre om å pante flasker, resirkulere eller å køyre el-bil. Organisasjonen arbeidar også for å betre nødvendigheitene til dei barna som treng oss aller meist.

I tillegg, arbeidar Fairtrade hardt for å kjempe mot barnearbeid og slaveri. Vi som har trekt livets vinnarlodd, får alle grunnleggjande behov i det vi opnar auga, men slik er det ikkje for alle. Alle har ikkje mogeligheit til utdanning, likskap og fridom. Dette er rettar vi ikkje behøver og tenkje på. Vi kan alle ta dette for gjeve stundimellom, men ikkje Fairtrade. I det augeblikket du les denne teksten strevar om lag 152 millionar barn, 70 prosent av desse arbeidar i jordbrukssektorar og resten på fabrikkar under skjebnesvangre og helseskadelege forhold. Barnearbeid strir også betydeleg i mot FNs barnekonvensjon. Barnearbeid er økonomisk og effektiv arbeidskraft, og difor vel ulike bedrifter og kjedar denne egosentriske utvegen. Hennes & Mauritz er ein butikkjede vi alle er verte husvarm med, men veit vi eigentleg kven som har laga kleda?

Nei, kleda vert ikkje laga av utdanna designarar, men av uskuldige barn. Tenk å gi ei julegåve til barnet ditt som eit anna barn har laga, for under 10 kroner i timen. Ved å kjøpe meir Fairtrade merka produkt hjelper du ikkje berre ukjende og fjerne arbeidarar, men også deg sjølv, og resten av verdssamfunnet.

Sist men ikkje minst, vil vi få betydelege problem med mat i framtida, om vi ikkje støttar organisasjonar som Fairtrade. Verdas befolkning er i dag om lag 7,8 milliardar menneske, og befolkninga vår aukar med 80 millionar per år. I 2050 vil vi om lag vere 11,18 milliardar, men kven skal produsere maten vår, og kor skal maten produserast? Fairtrade arbeidar for at bønder og arbeidarar skal leggje over til ein meir berekraftig produksjon, og dette vil bli avgjerande for om vi skal ta ha noko på tallerkenen i framtida. Det er økonomisk og resultatrikt å ploge jorda for hardt og faktisk øydeleggje den for å utvinne meist mogeleg, men er dette berekraftig? Småskalabønder tilverkar som sagt 70 prosent av maten som blir produsert, og om vi ikkje hjelper dei til å leggje over til ei meir berekraftig framstilling, ja, kven skal produsere framtidas mat då? Menneska er ikkje i stand til å eta og fordøye plast enda…

Slå sterkt ned på barnearbeid og slaveri, produsere mat på ein berekraftig måte og halde fram med mangfaldig og helsefordelaktig kost i framtida, er berre nokre av grunnane til å kjøpe meir Fairtrade merka produkt. Tenk over kva du handlar! Redd liv! Kjøp produkt merka med Fairtrade!