Låg straumpris = dårleg nytt?

Det siste året har Ola Nordmann kunna gleda seg over svært låge straumprisar. Dagens prisnivå ligg på under ein femdel av kva det låg på i fjor. Tar ein med nettleige og avgifter i reknestykket, kjem ein likevel fram til ein pris ut til forbrukaren som er godt under halvparten av fjorårets. For eit hushald gir dagens prisnivå fort ei årleg innsparing på eit par tusen kroner. Det er likevel ikkje så sikkert at den billege krafta er gode nyheiter for den jamne saudabu.

La oss leika litt med tal. I Sauda er det, grovt rekna, 2 000 hushald. Viss kvart av desse sparer 2 000 kroner på låge kraftprisar, har saudabuen til saman spart fire millionar kroner. Så tar me med kommunen, som gjerne kan spara eit par hundre tusen kroner på billeg straum.

For enkeltheita si skuld held me næringslivet utanfor, sjølv om låg straumpris gir lågare driftskostnader, noko som styrkar grunnlaget for sysselsetting som igjen sikrar kommunen skatteinntekter.

«ikkje så sikkert at den billege krafta er gode nyheiter»

Når våre lokale folkevalde om ein månads tid skal vedta kommunen sitt budsjett for 2021, manglar det fleire titals millionar kroner på inntektssida samanlikna med i fjor. Ein stor del av inntektsbortfallet er direkte knytt til kraftprisane, og ein del av dette igjen til kjøp og sal av konsesjonskraft. Kvart år får Sauda kommune kjøpa ei mengd kraft til ein fastsett, låg pris. Denne krafta sel kommunen på den opne marknaden. Jo høgare pris marknaden forventar, jo meir får Sauda kommune betalt. Og her snakkar ein fort om større summar. Låge kraftprisar gir fort ti millionar kroner mindre i inntekt til kommunen.

«Ein stor del av inntektsbortfallet er direkte knytt til kraftprisane»

«There is no such thing as a free lunch», heiter det i eit munnhell. Ingenting er gratis, det er alltid nokon som må betala. I det svært forenkla Sauda-reknestykket, sparar innbyggarar og kommune i overkant av fire millionar kroner, medan kommunen taper ti millionar på inntektssida. For ein familie på fem som sparer 2 000 kroner, har kommunen 5 000 kroner mindre til å betala for kommunale tenester til familien.

Det finst fleire faktorar som påverkar reknestykket begge retningar. Det meste tyder likevel på at ekstremt billeg straum ikkje styrkar botnlinja i samfunnsrekneskapen til ein liten kraftkommune inst i ein fjord.