– Sauda må mobilisera til kamp for gode og fratmtidsretta samferdselsløysingaroppmodar forfattarane.
– Sauda må mobilisera til kamp for gode og fratmtidsretta samferdselsløysingaroppmodar forfattarane. FOTO: Portal Norge.

Tid for å løfta blikket!

Måndag 16. november kunne me lesa i Ryfylke at me står i fare for å mista hurtigbåttilbodet til Sauda. Stadige omkampar og uro om det viktigaste kollektivtilbodet vårt skapar frustrasjon i heile indre Ryfylke. Særleg for Sauda vidaregåande skule, eigd av Rogaland fylkeskommune, er ei nedlegging trugande. Eit velfungerande kollektivtilbod er også viktig for å skapa bulyst og nye arbeidsplassar.

Verksemdene våre bidrar solid til samfunnet – både lokalt, regionalt og nasjonalt – i form av arbeidsplassar, kjøp av varer og tenester, skattar, avgifter og eksportinntekter. Me er ein del av løysinga, både når det gjeld verdiskaping i Noreg etter oljealderen og det grøne skiftet. Det som trugar ei slik utvikling mest er at me ikkje heng med i den samfunnsutviklinga som skjer i bynære strok og langs kysten.

Robuste industrisamfunn krev tilgong på rett kompetanse, god infrastruktur i form av veg- og samferdsleløysingar, aktiv næringsutviklingspolitikk og likeverdige velferds- og tenestetilbod. Dette er naudsynt for at lokalsamfunnet vårt skal vera attraktivt nok for dei som skal ta val om stad å bu, besøka og driva næring.

Me ser det same gong på gong: Nye verksemder vel andre stadar å etablera seg, og me slit med å rekruttera folk til ledige jobbar sidan det er langt til «alt». Vegløysingane er ikkje stort annleis enn dei var i førre årtusen og klimaforholda gjer at me einskilde dagar ikkje har vegsamband til omverda i det heile. Og hurtigbåten er ikkje eingong like «hurtig» som han ein gong var.

Dette er alvor. Nå må me løfta blikket og få til ei lokal mobilisering blant innbyggarar og verksemder sterk nok til at me blir sett og høyrt i meir sentrale strok. Det må visast politisk handlekraft og vilje til å satsa på sikre og framtidsretta samferdsleløysingar som knyter dei indre regionane i Ryfylke og Hardanger sterkare saman med omverda. Ikkje fordi me treng kunstig andedrett, men fordi me har meir å gi og kan tilføra storsamfunnet ei minst like stor verdiskaping også dei neste hundre åra.