Dei små tinga

Mørketid og koronarestriksjonar er ingen god kombinasjon for den mentale folkehelsa. Akkurat dette året er behovet for lys og varme ekstra stort.

«Akkurat dette året er behovet for lys og varme ekstra stort.»

Etter ein mørk november kjem som kjent ein endå mørkare desember. Samtidig gjer jula sakte men sikkert sitt inntog. Julepynten kjem gradvis fram og saudabuen hentar fram kilometervis med lyslenker som er med på å lysa opp tilværet.

Tradisjonelle julekonsertar, juleavslutningar og juleverkstader må dette året vika i kampen mot spreiing av koronasmitte. Oppmodingar og pålegg frå styresmaktene om å unngå unødvendig sosial omgang gjer at møta mellom menneske blir færre. Tiltaka er forståelege og nødvendige, men rammar mange hardt.

«han stiller med julesongar og julegryte og deler raust ut julestemning»

Akkurat derfor er kanskje 2020 året då me alle skal strekka oss litt lenger for å prøva å dela litt førjulsglede med våre medmenneske. Slik major Torbjørn Vang gjer. Den tradisjonsrike julekonserten i kyrkja måtte dessverre gå ut. Major Vang, 92 år gammal, tar i staden trekkespelet sitt med seg ut og spelar og syng julesongar foran julegrana på Rådhusplassen. For mange saudabuar er frelsessoldaten sjølve bildet på adventstida. Vang skuffar ikkje, han stiller med julesongar og julegryte og deler raust ut julestemning til dei han treff. Det gjer også damene som på eige initiativ har julepynta tomme butikkvindauge i sentrum. Etter at Ryfylke la ut ei nettsak om initiativet deira fredag, har det strøymd på med hyggelege tilbakemeldingar. Dette er noko folk set pris på. Det same gjeld julegrana på Rådhusplassen og alle lysa som er hengt opp i sentrum, der julestemninga i høgste grad er i ferd med å breia seg.

Jo fleire som hiv seg med i dugnaden for å lysa opp førjulstida, jo lysare kan me gå årets mørkaste dagar i møte. Dette handlar sjølvsagt ikkje bare om julepynt og julelys. Kva med å ta ein telefon til nokon ein ikkje har sett og snakka med på ei stund? Eller å senda ei lita oppmuntring i form av ein blom eller litt julegodt? Eller bare å ringa på døra og spør korleis det står til hos naboen din som du veit bur åleine?

Talet på jule- og nyttårsklemmar blir betydeleg lågare i år enn i eit normalår. Omsorg og nestekjærleik kan imidlertid visast på mange måtar. Og me har alle eit ansvar for å visa at me bryr oss.