Industriarbeidarmonumentet.
Industriarbeidarmonumentet. FOTO: Andreas Isaksen.

Monumentet har kome «heim»

Industriarbeidaren flytta tilbake etter tolv år på midlertidig plass.

28. mai 1988 fekk den då 88 år gamle omnshus-veteranen Johannes Risvoll æra av å avduka minnesmerket over industriarbeidaren, nedst på Åbøland. Fleire hundre saudabuar møtte fram til avdukinga, der Åsmund Oftedal las sin eigen prolog medan direktør Lars Rossemyr ved smelteverket og Olaf Solberg frå fabrikkarbeidarforeininga tala.

I 2008 blei vegkrysset Åbødalsvegen/Fv520 «retta ut». I samband med dette arbeidet måtte bronseskulpturen flyttast, og hamna då på plenen vis à vis idrettsbrakka, like ved Andedammen.

Det nye tilvèret var ikkje meint å vera permanent. Likevel skulle det gå over tolv år før arbeidskarane igjen var å finna nær staden der dei blei avduka under Saudadagane for 32 år sidan. Nå har dei imidlertid fått plassen sin tilbake, nesten i alle fall.