Julevariasjonar, men…

Julekalendrar og adventstakar vitnar om at nedtellinga til sjølvaste julaftan er i gang for fullt. Ute minnar lys i tusental oss på kva tid me er inne i. Radioen speler non-stop julemusikk. Og praten på gatehjørna har tatt pause frå det evige vêrtemaet og retta fokuset mot den føreståande høgtida.

Frå utsida kan det verka som om heile samfunnet går i takt og samla tropp inn mot høgtida. Slik er det naturlegvis ikkje. Sjølv om det nok er mange likskapstrekk ved julefeiringa i dei tusen heimar inst i ein fjord, er forskjellane sannsynlegvis like mange.

«Sauda er geografisk i pinnekjøtland»

Statistisk sett et fleirtalet svineribbe på julaftan. Men det er fordi så mange austlendingar tradisjonelt hadde gris som dei slakta før jul. Sauda er geografisk i pinnekjøtland, men periodar med tilflytting, både frå eige land, naboland og fjernare himmelstrok, gir variasjon i menyvalet den store kvelden. Både kalkun og torsk er elles inne på nordmenn si topp fem-julematliste. Og så lutefisk. Ein kan meina kva ein vil om lutefisken, men om ein les artikkelen om Mr. Lutefisk, Gunnar Trettenes, i dagens avis, kjem det tydeleg fram at denne tradisjonsrike nordiske måten å foredla fisk på gir eit framifrå utgangspunkt for festmat.

«Andre går «all in» og må «suga på totten» fram til januarlønna»

Julegåvetrendane endrar seg frå år til år. Bortsett frå at det framleis er dei yngste som sit att med dei største gåvehaugane når kaoset er over og røyken har lagt seg utpå julekvelden. Ofte har dei alt fått ei lita gåve i julekalenderen kvar dag i desember òg. Dei fornuftige klarer å gjennomføra julegåvehandelen innan rimelege grenser. Andre går «all in» og må «suga på totten» fram til januarlønna endeleg kjem.

Kven ein feirar jula saman med er ingen sjølvsagt sak i våre dagar. Med storfamiliar, mine, dine og våre og fleire sett besteforeldre er det ikkje alltid så enkelt å få kabalen til å gå opp. Andre feirar åleine, både etter eige ønske og i mangel på nokon å dela kvelden med.

Julehøgtida, slik dei fleste av oss kjenner ho, er ei kristen høgtid. Den kristne bodskapen får imidlertid varierande fokus. Rett nok er julaftan den best besøkte dagen i kyrkjene landet over, men under halvparten av medlemmene i kyrkja definerer seg likevel som kristne.

Trass forskjellane står jula likevel sterkt som ei tid for ro, ettertanke og for hyggeleg samvere med mange av dei næraste. I ein hektisk kvardag er nettopp slike «friminutt» etterlengta høve til å legga beina høgt og oppnå kvilepuls. Det er lov å gleda seg til slikt.