Ryfylke, 24. februar 2006. Lars Reidar Fosstveit i Sauda skisenter etterlyser større innsats for å lokka dei mange dagsturistane til å legga igjen meir pengar i Sauda.
Ryfylke, 24. februar 2006. Lars Reidar Fosstveit i Sauda skisenter etterlyser større innsats for å lokka dei mange dagsturistane til å legga igjen meir pengar i Sauda. FOTO: Faksimile.

Kommentar:

Turist-Sauda på staden kvil i 15 år?

Sauda får like lite, om ikke mindre, ut av vinterturismen i dag som i2006.

Reiselivsaktørane er einige i at Sauda må bli langt flinkare til å tena pengar på dei mange dagsturistane som besøker Sauda i vintersesongen. Dagleg leiar i Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit, fortel om 1 200 tilreisande i anlegget kvar laurdag. Når heisane sluttar å gå, reiser dei heim igjen. Mange kjem tilbake att dagen etter.

Hotelleigar Jan Nordbø fortel om ledig kapasitet og har tru på at Sauda må tilby pakkeløysingar for å få fleire av dei til å overnatta. Han får støtte av Stig Birkeland på G-Sport. Leiaren i handelsforeininga etterlyser at lokale aktørar speler meir på lag og Ragnar Fosstveit i Sauda Ferie & Fritid er klar på at ein må bli flinkare til å planlegg og snakka saman. Dagleg leiar ved Sauda Fjord Hotel synest Sauda har for lite aktivitetar å by på utanom det som skjer i Svandal, samtidig som det ein har, til dømes kino og symjehall, blir for dårleg marknadsført. Oppsynsmannen i Saudahallen er open for dialog. Ein prosjekttilsett i Sauda Vekst poengterer at produktutvikling og marknadsføring må gå i takt, men har tru på at lokalsamfunnet alt neste vinter vil stå sterkare rusta til å utnytta turistpotensialet.

Alt dette er henta frå ein artikkel i Ryfylke 24. februar 2006, altså for snart 15 år sidan. På framsida står skisenterleiaren og etterlyser initiativ frå øvrig næringsliv, som han meiner gjer for lite for å kapra dei 1 200 potensielle kundane som kvar laurdag kosar seg i skibakkane. Aktørane i næringslivet er einige – og i villreie – dei veit ikkje heilt korleis dei skal få dette til. Men dei fleste held fram samarbeid som ein viktig veg å gå for at Sauda skal lukkast som vinterdestinasjon.

Tysdag 12. januar 2021 presenterer Ryfylke resultat frå ei fersk reiselivsundersøking gjennomført av Menon Economics. Funna skildrar ein status som til forveksling liknar 2006. Sauda klarer heller ikkje nå, 15 år seinare, å utnytta potensialet som ligg i dei mange dagsturistane som besøker kommunen.

Reiselivsproduktet Sauda har utan tvil løfta seg på mange område sidan 2006. Allmannajuvet, utebadeanlegg og kulturhus er alle attraksjonar som ville stått seg godt og trekt til seg mange gjester kor som helst i verda. Nye Saudadagane og «Bønder i byn» lokkar folk og fe til sentrum i hopetal. Generelt auka attraktivitet har gitt kommunen ein solid vekst i talet på fritidsbustader. Deltidsinnbyggarane legg igjen store summar både i det lokale næringslivet og indirekte i kommunekassen. Sjølvsagt har me fått til ein heil del i løpet av dei siste 15 åra. Men dagsturistane, dei får halda fram med å ta til høgre i Svandalskrysset eller å ta strake vegen gjennom sentrum etter at skituren er over. Og turistnæringa gjer like lite med dette i dag som i 2006. Eller?

Utvikling av reiselivsproduktet Sauda er ein jobb lokalsamfunnet aldri kjem i mål med. Konkurransen om kundane, eller gjestane, om ein vil, er ein endelaus kamp om å gjera seg interessant og stikka seg fram. Derfor må me våga å tenka store tankar og ha visjonar. Det kan godt handla om gondol i Svandal, men gondolen treng ikkje i seg sjølv å vera målet. Ein gondolbane er imidlertid eit godt døme på ein attraksjon som blir lagt merke til – langt utanfor Saudas grenser.

Hovudansvaret for produktutviklinga må sjølvsagt ligga på næringslivet sjølv. Reiselivsbransjen kan ikkje rekna med at kommunen skal stå i bresjen, men dei lokale styresmaktene må likevel vera med som støttespelar og samarbeidspartnar. Fruktene av ein turismesuksess vil naturlegvis komma både kommunen og Ola og Kari Saudabu til nytte og glede.

Sjølvsagt hadde bransjen rett då dei i 2006 slo fast at vegen til målet – å utnytta potensialet i turismen – er samarbeid. 2021-fasiten fortel i klartekst at den koden framleis ikkje er knekt. Undervegs har mellom anna eit samarbeidsprosjekt for å revitalisera sentrum, for å lokka fleire gjester dit, ettertrykkeleg havarert.

Kanskje har det med kultur å gjera, dette at aktørane i stor grad vel å sitta på kvar si tue og venta på at andre skal ta ansvar? Det er i så fall eit paradoks. Kvifor klarer ikkje Sauda å samarbeida, i eit lokalsamfunn der faner med slagord som solidaritet og «samhald gjer styrke» har blitt haldne høgt i eit hundreår?

Eg trur samarbeidet som må til er avhengig av at eit par sentrale føresetnader kjem på plass.

Først og fremst må det på plass ei erkjenning av at det å skapa vekst er noko ein best klarer saman. Så må aktørane i reiselivsbransjen, både dei mest sentrale aktørane og alle dei andre som kan tena pengar på at Sauda trekk til seg fleire gjester, klara å snakka saman og bli einige om mål og strategiar. Og om at det kostar å investera, både pengar og tid.

Endå viktigare er det imidlertid at samarbeidspartnarane har tillit til kvarandre. Og ikkje minst – at ein unner andre å lukkast – sjølv om det inneber at andre tener meir pengar enn ein sjølv. Og til slutt handlar det om at me i Sauda må bli flinkare til å støtta opp om og heia på dei som vil noko og som vågar å satsa.

Akkurat der har me i Sauda ein del å gå på…