Hjelp som varmar

På kort tid har fleire saudabuar opplevd det forferdelege at alt dei eig går opp i flammar. I slike kriser er det fantastisk å sjå at me bur i ein by der folk bryr seg om kvarandre. For bry seg, det gjer saudabuen.

Alt same kvelden som ein vertikaldelt bustad i Brekkeveien blei offer for flammane, sette gode naboar i gang innsamling av klede til nokon av dei som var i ferd med å mista alt. Og dei opna dørene for medmenneske som stod utan nokon stad å vera. Ein annan nabo forbarma seg over brannfolka som var på sløkkeoppdrag gjennom mange, iskalde januartimar, og overlet huset sitt til dei. Ei god, hjelpande hand opplevde også kvinna som eigde huset som nyleg brann nedst i Kalhagbakken. Mange sambygdingar, kjende og ukjende, stilte opp og ville hjelpa etter at huset blei øydelagt av brannen.

«Gleda over å vera i god behald blir fort til fortviling»

Det er vanskeleg å førestilla seg kor fortvilande det må vera å mista alt ein eig under slike dramatiske omstende som ein brann trass alt er. Gleda over å vera i god behald blir fort til fortviling over å stå på bar bakke og mangla det aller meste. Forsikringsoppgjer og andre formalitetar krev naturleg nok både tid og arbeid, men dette er likevel ting som går sin gang. Å starta på nytt igjen for å skaffa seg alt ein treng, krev så mykje meir. Nettopp då er det fantastisk å oppleva at ein har nokon rundt seg som bryr seg. Som deler litt av sitt eige, utan forventing om å få noko tilbake.

Ein av fordelane med å bu på ein liten stad som Sauda, er at «alle kjenner alle». Ikkje nødvendigvis heilt bokstaveleg, men nesten. For ein tilflyttande «byas» kan det gjerne verka både invaderande og litt skummelt å tenka på at «alle» veit kven du er, kven du er i slekt med og kva du driv med. Så går det også ei hårfin linje før det heile blir sladder. Innfødde saudabuar reagerer mindre. Ein er vant til å ha det slik.  På godt og vondt.

«Det ligg mykje omsorg i å kjenna nabolaget sitt»

Det ligg mykje omsorg i å kjenna nabolaget sitt. Og når ein er på sitt mest sårbare, er denne omsorga gull verd. Då får ein verkeleg sjå noko av det finaste ved å bu på ein liten stad, der folka ikring ein ikkje bare er nummer i rekka, men har både namn og ansikt. Og bryr seg.