Båten er 7,8 meter lang og veg omtrent 40 tonn. Foran har den ein avtagbar isbaug som skal bryte opp isen. Den skil seg veldig ut frå andre isbrytarar som kan vere 100 meter lange og vege fleire tusen tonn. Desse isbrytarane glir over isen og bruker vekta si på å bryte opp isen under. Daafjord sin isbaug ligg oppå isen og bruker eit anna prinsipp for isbryting.
– Det er to «piggar» som ligg over isen med 7,5 meters mellomrom, og ein på midten under. Når isen kiler seg mellom så blir det som når du knekker ein pinne over låret, seier oppfinnaren Steinar Andersen.
Sjølve isbaugen veg 17 tonn, men fordi den flyt skyv bare båten den framfor seg. På grunn av dette og fordi båten er så liten, treng den ikkje like mykje drivstoff som dei store isbrytarane. Båten bruker 3 000 liter drivstoff i døgnet, medan dei store båtane kan bruke mellom 40 og 60 000 liter.
– Viss dette fungerer, så er det mykje betre for miljøet, seier Steinar Hansen fra Kystverket.
På oppdrag i Sauda
Sist veke hadde ein båt på veg til smelteverket problem med å koma inn fjorden på grunn av isen. Smelteverket tok kontakt med Steinar Hansen i Kystverket som har ansvar for all isbryting i landet. Han visste at TB Daafjord var i nærleiken og trengte noko is å testa den nye isbaugen på. Han ga dei derfor i oppdrag å halde Saudafjorden isfri.
– Det passa veldig godt at dei trengte is å testa seg på akkurat då Eramet hadde problem. Då dirigerte eg dei bort til Saudafjorden for eg var interessert i om teorien funka i praksis, seier Hansen.
Oppfinnaren Andersen hevdar at båten kan knekke is på opp til ein meter tjukkleik, men har ikkje prøvd isbaugen på så tjukk is endå. Steinar Hansen er interessert i å sjå korleis testinga går vidare og seier, med atterhald om at all testinga går fint, at dette kan vere interessant for fleire aktørar å bruke i framtida. Då kan det til dømes nyttast for å halde Saudafjorden isfri slik at hurtigbåten kan legge til kai heile vinteren.
– Kystverket er svært positive til initiativet som har blitt tatt, seier Hansen.
Skal bygge ny
Etter testinga i Saudafjorden har Andersen funne fleire ting han vil fikse på til neste prototype. Han vil auke farten på båten og bli kvitt den isen som samlar seg opp under båten. Men prinsippet fungerer, isen knekk i rommet mellom piggane.
– Alle dei utfordringane eg har nå, det er ting som kan løysast. Eg har nok grunnlag nå til å seie at dette kjem til å gå.
Hansen fortell at han vurderer å bygge større båtar, på tolv eller femten meter, og har derfor sendt ut søknader om pengestøtte til både Innovasjon Norge og Enova. Han er sikker på at dette kjem til å fungere.
– Folk ler og seier at den ser ut som ei badeand. Men då spør eg heller, har du nokon gong prøvd å senke ei?