Ungdomsrådet i Sauda 2019-2023. Bak frå venstre: Tollef Grindheim, Ane Hocking, Linde Espeland og Marius Lidal Håheimsnes. 
Framme frå venstre: Titinan Løvik, Isabel Ramsnes Gulbrandsen, May-Lisa Espeland, Tobias Arnøy Årtun og Håvard Handeland. Onsdag hadde ungdomsrådet møte via møteportalen Teams.
Ungdomsrådet i Sauda 2019-2023. Bak frå venstre: Tollef Grindheim, Ane Hocking, Linde Espeland og Marius Lidal Håheimsnes. Framme frå venstre: Titinan Løvik, Isabel Ramsnes Gulbrandsen, May-Lisa Espeland, Tobias Arnøy Årtun og Håvard Handeland. Onsdag hadde ungdomsrådet møte via møteportalen Teams. FOTO: Ingvil Bakka/arkiv.

Vil ha fleire unge i distrikta

Ungdomsrådet er svært engasjerte i å legge til rette for at unge skal halde frem med å bu i Sauda og distrikta. Dei er enige om at ting må endrast for at folk skal bli verande eller flytte tilbake etter endt utdanning.

– Eit av hovedproblema er at folk vel heller ein leilegheit i byen enn eit hus i distrikta fordi tilboda er for dårlege, seier nestleiar i ungdomsrådet, Håvard Handeland.

Stemde ned stemmerett

Onsdag denne veka var det møte i Ungdomsrådet, der dei skulle gå gjennom 15 forslag lagt fram av Distriktssenteret og ungdommens distriktspanel om kva som skal til for å gjere distriktene til gode og attraktive plassar å bu og arbeide i for unge. Dei 15 forslaga blei diskutert og så rangert etter kor viktig ungdomsrådet meinte de var.

Forslaga om stemmerett for sekstenåringar i kommune- og fylkesval og digitalt innbyggartorg blei stemt ned. Ungdomsrådet meinte at lågare stemmerett ikkje er noko som vil auke innflyttinga til distrikta, og innbyggartorget er noko som ordførar Asbjørn Birkeland meiner vil kome snart uansett for alle kommunar.

Samferdsel viktigast

Samferdsel blei stemt fram som eit av dei viktigaste punkta på planen. I forslaget sto det blant anna om etablering av Hent Meg, løft av fylkesvegar, lågare pris på all transport for ungdom, utbygging av jernbane og sikring av vegar.

– Viss folk skal bu i distrikta så må ein kunne reise fort fram og tilbake. Eg meiner Rogaland bygger ned transport i staden for å bygge opp. Eg kjenner mange ungdommar i Sauda som aldri har sete ombord på eit tog, seier leiar for ungdomsrådet, Tollef Grindheim.

Ungdommane er enige om at Hent Meg, som har vore eit prøveprosjekt i Sauda, i teorien er veldig bra. Ordførar Birkeland er også enig i at prisane skal vere låge for ungdom for at ein alt som ung får gode vanar med å reise kollektivt. Håvard Handeland nemner at samferdsel er ei bærebjelke i Sauda.

– Det er ei bærebjelke som held på å råtne, seier Kåre Bjarte Bjelland som er direktør for strategi og kommunikasjon i Eramet, og fortell at denne bærebjelken var god på sekstitalet men nå må noko gjerast.

Vil ha stader å samlast

Eit av forslaga som blei nøye diskutert var forslaget om å laga møteplasser i distrikta. Tuva Ekkjestøl Lien meiner det er viktig for ungdommar i distrikta å ha arenaer der dei kan møte venene sine.

– Eg trur og det kan vere tryggande for dei som til dømes flytter inn til Sauda at dei ikkje treng å sitte aleine.

Svein Ilstad som er direktør i Saudefaldene meiner det er viktig at kommunane kan velge sjølv korleis dei skal ordne møteplasser, og at det ikkje skal bli for styrt av fylkeskommunane. Ein av arenaene i Sauda har det vore dei arrangerte volleyballkveldane i Saudahallen.

– Det har vore kjekt fordi både dei som har budd i Sauda heile livet og dei som bur her på hybel kunne vere i lag, seier Håvard Handeland.

Etter møtet blei ungdomsrådet igjen for å skrive ned dei viktigaste forslaga. Dei skal sende desse inn til ungdommens distriktspanel som samlar inn slike rangeringar frå fleire råd og styre som dei så tar vidare til regjeringa.

Ungdomsrådet 20. januar

Møteleiar: Tollef Grindheim

Møtetid: 09.30-11.00

Saksliste:

001/2021 Godkjenning av innkalling og saksliste til møte i Ungdomsrådet 20. januar 21

002/2021 Hva skal til for at flere unge bosetter seg i Distrikts-Norge i framtida?

Til stades på Teams:
Håvard Handeland
Isabell Ramsnes Gulbrandsen
Linde Espeland
Lucas Helle Løvaas
Marius Lidal Håheimsnes
Kristoffer Birkeland Knudsen
Tuva Ekkjestøl Lien
Mia Mo
Hallgeir Amdal, Arbeidarpartiet
Kåre Bjarte Bjelland, Eramet
Svein Ilstad, Saudefaldene
Harald Halvorsen Løland, Tveit Regnskap/Sauda Vekst
Asbjørn Birkeland, ordførar