Ingen grunn til å slakka av

Det er meir enn forståeleg dersom enkelte av Ryfylke sine lesarar synest det byrjar å bli nok korona-stoff i avisa nå. Om det kan vera nokon trøyst – me har tenkt tanken i avisredaksjonen òg.

Men så lenge koronaviruset i høg grad påverkar dagleglivet vårt, finn me ingen veg utanom å fortsetta å via spalteplass til dette temaet.

Nyheita om godkjenning av vaksinar mot covid-19 like før jul, gav berettiga grunn til optimisme. Dessverre skulle det ikkje gå lang tid før viruset dukka opp i ei ny og endå meir smittsam utgåve enn den verdssamfunnet har slåst mot i eit års tid. I skrivande stund kjenner ein ikkje til at det britiske, muterte koronaviruset har dukka opp i Sauda. Det har imidlertid breidd kraftig om seg i Viken fylke, med nye rundar med omfattande konsekvensar for innbyggarane i dei ramma områda som konsekvens.

«usikkerheit rundt vaksinane sin effekt på nye virusvariantar»

Etter først å ha opplevd ein aukande smittetrend ved inngangen til det nye året, har utviklinga dei siste vekene vore ein nedgang i talet på nye smitta. Det britiske viruset har imidlertid ført til ein langt meir uoversiktleg smittesituasjon som igjen gjer framtidsutsiktene meir uavklara. Kappløpet for å få vaksinert befolkninga har fått nok ein x-faktor i form av usikkerheit rundt vaksinane sin effekt på nye virusvariantar.

«Det britiske viruset har imidlertid ført til ein langt meir uoversiktleg smittesituasjon»

Lokale helsestyresmakter er naturlegvis uroa for at det muterte viruset skal finna vegen til Sauda. Konsekvensane vil ifølge kommuneoverlege Knut A. Omdal bli ei nedstenging av samfunnet, på linje med det fleire kommunar i Viken nå har måtta ty til. Dette er kraftig lut, men forståeleg. Det er ikkje utenkeleg at saudasamfunnet, som har opplevd svært få smittetilfelle og ingen på meir enn to månader, står med smittevern-guarden litt senka. Dermed er lokalsamfunnet ekstra utsett dersom det nye, ekstra smittsame viruset dukkar opp.

Det beste saudabuen kan gjera for å få leva mest muleg normalt i tida frametter, er dermed å halda fram med å tenka smittevern for seg og sine og etterkomma alle pålegg og tilrådingar frå både lokale og sentrale helsestyresmakter.