Spennande tider i Sauda

Nesten eitt år er gått sidan aktørar frå det lokale næringslivet lanserte ideen om å få til eit spleiselag for ein stolheis i skisenteret i Svandal.

I løpet av dette året har stolheis blitt til gondol, draumen om ei storsatsing har fått namnet Folkeheisen og lovnader om meir enn ti millionar kroner med på vegen.

Nyleg blei det etablert eit interimstyre som skal ta ideen vidare fram til eit muleg skipingsmøte i mai. Dette styret er både sterkt og breitt samansett, med gode representantar både frå initiativtakarar, grunneigarar, hyttefolk, næringsliv, frivillige lag og lokale styresmakter. Foran interimstyret står ei formidabel og omfattande oppgåve. I løpet av dei neste tre månadene skal alle lause og mindre lause trådar samlast til ein heilskap. Dette skal danna grunnlag for ei avgjerd om det er det er muleg å skapa ei berekraftig drift som forsvarer gondolinvesteringar på mellom 60 og 70 millionar kroner.

«Folkeheisen handlar ikkje bare om Svandal og skisenteret»

Sauda har tidlegare lukkast svært godt med samarbeid og spleiselag. Både utebadeanlegget og Folkets Hus er suksesshistorier for Saudamodellen. Gjennom desse prosjekta har lokalsamfunnet òg skaffa seg erfaring med denne typen samarbeid. Den store velviljen som er vist gjennom intensjonsavtalane om meir enn ti millionar kroner i eigenkapital, seier klart ifrå at det er mange som ønsker å vera med og støtta opp om planane om vidare utvikling av Sauda som turistdestinasjon. Når mange gode krefter samlast, er også føresetnadene for å lukkast gode.

Intensjonsavtalane om økonomisk støtte er bare starten på finansieringsløysinga for Folkeheisen. Det finst både offentlege og private aktørar som òg kan vera aktuelle bidragsytarar, bare ein har eit handfast prosjekt å søka støtte til.

«gondolbanen er ikkje målet, men eit middel»

Folkeheisen handlar ikkje bare om Svandal og skisenteret, men om heile Sauda. Det kan ikkje seiast for ofte. Og gondolbanen er på sett og vis ikkje målet, men eit middel for å bygga attraktivitet og vekst inst i ein sørvestnorsk fjordarm. Det som verkeleg blir spennande, er å sjå korleis ein kan skapa synergieffektar og ny næring rundt eit eventuell gondolbane. Det blir interessant å høyra kva tankar interimstyret har rundt dette når tida er inne for å ta den store avgjerda, i mai.

Eit sterkt interimstyre og mange aktive støttespelarar gir grunn til forsiktig optimisme for gondolbaneprosjektet i Sauda.