Positiv bieffekt

Éitt år etter at den oppståtte covid-19-epidemien blei oppgradert til pandemi, står Norge smittevernmessig sterkare enn nokon gong.

Eit velfungerande system og relevante forholdsreglar er blant årsakene til at ein smittesituasjon ved Aibel i Haugesund før helga, der seks arbeidstakarar frå saudabedrifta Weldone var på oppdrag, ikkje har blitt spreidd vidare til Sauda.

Smitten ved industribedrifta i sildabyen dreidde seg om den muterte og langt meir smittsame britiske varianten av covid-19. Eit slikt virus i fri utfalding kunne fått store konsekvensar, både for enkeltpersonar og for samfunnet generelt. Ein skal ikkje lang av stad for å finna område der smitten ikkje er oppdaga i tide, og som derfor har måtta gjennomgå nye rundar med betydeleg strengare tiltak enn det ein har i til dømes Sauda i dag. Også i Vestland og i Viken synest ein imidlertid å vera i ferd med å få kontroll igjen etter kraftige smitteutbrot forårsaka av det engelske mutantviruset.

«gradvis blir sett betre i stand til å handtera potensielle smittefarar»

Sauda er utan tvil blant den heldige delen av landets kommunar når det kjem til smitteutbrot. Så langt er det bare registrert sju personar med smitte sidan utbrotet i februar/mars i fjor. Samtidig har desse tilfella gitt lokale helsestyresmakter verdifull trening i å spora smitte. Ein positiv bieffekt ved pandemien er at samfunnet gradvis blir sett betre i stand til å handtera potensielle smittefarar, heilt frå plan- og systemnivå og ned til konkrete føringar overfor enkeltpersonar.

Større fokus på handhygiene, fysisk avstand og hoste i olbogen har også ført til ein betydeleg nedgang i andre smittsame sjukdomar, som forkjøling. Frå april til oktober i fjor blei salet av hostedempande middel nær halvert i Norge, medan nasespray-salet gjekk ned med 20 prosent. Ein synkande trend i sal av antibiotika blei ifølge Apotekforeningen kraftig forsterka då pandemien braut ut, og den sterke nedgangen har vedvart. Mykje tyder altså på at Ola og Kari Nordmann, sett bort frå koronainfluensaen, har blitt friskare det siste året.

«me kan få eit litt meir snått- og hostefritt samfunn»

Generelt synest mange å vera meir enn lei av korona-livet, med reglar og tiltak grip som inn i tilværet og som forringar livskvaliteten. Viss befolkninga tar med seg litt av vanane dei har lært seg til i løpet av det siste året og viderfører desse når ting blir meir normalt, er sjansane store for at me kan få eit litt meir snått- og hostefritt samfunn. Det er ein god ting.