Det gamle huset på garden, sauhuset og låvebrua er her måla av Arnulv Honerød (1929-2018) Huset brann i mai 2005.
Det gamle huset på garden, sauhuset og låvebrua er her måla av Arnulv Honerød (1929-2018) Huset brann i mai 2005. FOTO: Privat.

Oppvekst på 1950-talet (del 2)

Også denne bolken startar på Espeland, på folkemunne Kulturdalen.

Tette familieband til besteforeldre blei ein viktig del av oppveksten. Vår snille bestemor, Elisebeth, ytra seg så visst ikkje berre i form av gode kaker på høg stett, men også med sterk solbærsaft og sjokolade dersom me hadde eit snev av forkjølelse. Då kom ho utover vegen på sitt spesielle gangelag, prega av ei aggressiv ku ho ein gong skulle halde fast.

Kvar julafta når bestefar hadde bursdag, samla ho alle og trylla fram herleg middag, etterfølgt av ein vaksen nisse som medførte stadig meir skrik og skrål frå små barnebarn i aukande antal. Heilt opp i høg alder hadde ho ei eiga evne til å sjekka at gjestene til dømes hadde smakt alle kakene, vel å merka utan at det resulterte i noko mas på underteikna. Medan dei hadde kyr på garden, var «fløytekodla» med Marie- eller Selmakjeks fast dessert i slåtten, og i mange år hjelpte me etter fattig evne bestefar med hesjing, raking, innkjøring av tørrhøy og legging i silo.

Det kjekkaste var sjølvsagt å køyra hesten, men eg hugsar det var skummelt då bestefar ein dag sa at eg kunne gå opp i hagen og henta hesten heim aleine. Blakken eller øykjen som bestefar sa, er ganske stor når du sjølv berre er 6-7 år, men hesten fekk godt stell og var uvanleg fredeleg. Bestefar jobba skift på «ognadn», for det meste på den røykfulle ovn 5. Sju nattskift i strekk kunne nok ta på både humør og tålmod, og han var på ingen måte ein moderne «kosebestefar» som tok barnebarn med på Presanghuset, Brynes eller fotballkamp. Det var ikkje tid til den slags, her var det gamaldagse kjønnsroller, og bortsett frå å mala kaffien på den manuelle kverna, hadde bestefar ingenting på kjøkkenet å gjera. Når det var ekstra travelt, kunne han nok vera brå, frittalande og lite diplomatisk, og kommentarane var nok ikkje alltid tilpassa oss, men det var så avgjort også noko av sjarmen. Avslutninga på arbeidsdagen var omtrent lik kvar dag. Hesten gjekk ute og åt heile dagen, og vanlegvis slutta jobben då me køyrde hesten opp låvebrua og spende frå kjerra. Det var då det skjedde: Brått la hesten igjen ei skikkeleg «mukka» på låvegolvet, og bestefar fekk ekstraarbeid med å spa ut hestelorten medan han kommenterte ganske fritt. Me småungane lo godt, men snudde oss kanskje vekk og prøvde å kvela låtten. Kanskje hesten var påverka av den nye trenden som suldølen kommenterte slik: «Nei, nå er alt omsnudd, nå skal folk eta ute og drita inne.» Det høyrer med til historia at moster Signe Haugen nyleg fortalde at då dei bygde huset på 50-talet, var forskalingssnikkaren sint då han også måtte klargjera for bad og toalett. «Tenk å fordyra huset på den måten når dei alt hadde eit uthus!»

Det gamle huset på garden, sauhuset og låvebrua er her måla av Arnulv Honerød (1929-2018) Huset brann i mai 2005. FOTO: Privat.

Også den gong hadde ungane stor interesse for det som var ulovleg/forbode. I første omgang tenker eg på slakting av julegrisen, og då blei me kommandert bak huset, men å ha kontroll på nysgjerrige barnebarn var sjølvsagt vanskeleg. På same måten var det med slakting av høns bak løa, det vil seia mot elva. Det gjekk stort sett bra heilt til ei høne utan hovud fauk over elva og surra rundt i terrenget på Åbødalssida. Bestefar som skulle på ettermiddag, var lite blid, og eg trur me fekk utvida ordforrådet då han heiv seg på den gamle, svarte sykkelen. Brua over til Djupadalen eksisterte ikkje, og han måtte heilt ned til Selvikbrua, «Sniglahålå» og Strøms kolonial for å snu i retning Djupadalen.

Bestefar var måtehalden med alkohol, men han meinte at alle som var med i slåtten, skulle ha øl, ikkje Lagerøl eller Olsen-driver, men mørkt og mektig Bayerøl. Ikkje alle vaksne syntest øl til ungar var greit, men kanskje hadde ein bestefar litt ekstra autoritet den gong? Som inhabil får andre dømma om eventuelle (u)heldige konsekvenser.

Elles brukte han stort sett brennevin som medisin både på to- og firebeinte. Han var heller kritisk til «dyre dyrlegar», men hadde tru på Ove Hølland som sjølvlært veterinær. Ove som forresten hadde eit jordstykke på Espeland som han kalla Etiopia på grunn av forma på jordstykket, kom alltid raskt på plass og var ikkje sein om å stilla diagnosen. Ove var jo uvanleg kunnskapsrik og må ha hatt eit godt «språkøyra» som han brukte då han vann jubilanttur til Italia (25 år på laboratoriet på EFP) Då bad han om å få reisa på eiga hand nokre månader etter dei andre fordi han då først ville læra seg italiensk. Han snakka også russisk, men det gjorde han neppe den vinteren då han redda hesten til bestefar ved å hella brennevin i han før det bar ut på ein hard køyretur. For eiga rekning vil eg hevda at det var synd at Ove ikkje brukte evnene sine på ein meir konstruktiv måte. I alt han skreiv, viste han ein kvass penn, klar tanke og humor, men også sterk aversjon mot alt som hadde vore innom rådhuset. Desse to annonsane, saksa fra Ryfylke, fortel det meste om vår siste, store original eller Saudas illgjetne kranglefant, som han sjølv kalla seg.

Det mest unike er kanskje likevel då Ove fann namnet sitt som ein av dei næraste i ein dødsannonse. I neste nummer av Ryfylke hadde han eit slags dementi der han forklarte at han aldri hadde bede om å få namnet sitt i annonsen: «Jeg er dog ingen hykler.» Like fantastisk er Ove si velskrivne forteljing om då ordførar, Jan Edvin Birkeland, heiv han på dør etter utallige provokasjonar og parolar (på plakat eller via megafon) «Gjennom min tåkedis forekom damene meg å være noen av Saudas utellelig skarer av science fiction glamourteenagers. Ordføreren kom som en tiger og grabba tak i meg. På krykka, med ryggsekk og mine 80 år på nakken våget jeg ikke ta opp kampen mot Birkeland. Men lysten til å slåss følte jeg like sterkt som i mine guttedager. Jeg må sannelig få takke ordføreren likevel, for han fikk blodet i kok på meg så jeg ble varm helt ned i den iskalde venstrelabben min.» Dette var dagens avsporing i både tid og rom.

Ove Hølland i kjent positur, berande på plakater med kritisk bodskap. Bildet er henta fra sonelaget sitt årsskrift for 2013 og gjengitt med deira løyve. FOTO: Privat.

Eit høgdepunkt på varme dager var då bestefar måtte kjøla seg ned i bekken, rettare sagt i Kvednahølen ved sida av huset til Sigvald Romsø. Publikumsframmøtet var jamt godt då han heiv seg uti og nærast fylte heile kulpen, og han brydde seg lite om stil og badeantrekk. Han var ein grovarbeidar og brydde seg ikkje om å bruka hanskar, ikkje eingong då han strekte hesjastrengen med tallause kvasse knutar. Sunt kosthald og mykje energi resulterte også i ei ekstra slåttonn på stølane når alt rundt dørene var klart. Når han høyrde om noko nytt eller gale på fabrikken, hadde han eit fast uttrykk: «Det hadde aldri skjedd i Blegen si tid.»

Svært få hadde telefon på 50-talet, og i eit Ryfylke frå 1952 (Pris: 15 øre i laussal eller 5 kroner. I 1955 8 kroner innanlands og 16 kroner utanlands) ser eg at Magnar Brendemo står oppført med telefonnummer 77, og min enkle logikk fortel då at talet på telefonar i Sauda var under 100? Lokalavisa avslører i 1956 at til dømes Sauda Fargehandel har fått 4-sifra nummer, og då var det jo ganske greit å huska dei 2-3 nummera du hadde bruk for. På dei aller fleste gardane hadde dei telefon, og både famile og naboar kom for å ringa eller endå verre, nokon ringte for å snakka med ein fjern nabo. Eg har framleis eit bilde av bestefar på tresko utover vegen på holkå midtvinters for å henta nokon. Dei fleste hadde nok ei bøsse eller sparegris ved sida av telefonen slik at gjestene skulle bli med og spleisa på telefonrekninga som var relativt høg. Kvar gong bestefar fekk rekninga, trua han i klartekst med å kvitta seg med heile apparatet. Det var vanleg å ringa ein sentral som kobla samtalen vidare, og sentralborddamene hadde ord på seg for å vera svært godt orienterte om det meste. Den mest kjende sentralbordvitsen går slik: «Nå lytter gamla igjen.» «Nei, det gjør je itte de.»

Dersom ein ønskte å gratulera nokon, var det vanleg å senda telegram, og eg meiner å huska dei eldste Bokn-gutane, Nils Inge og Egil, på sykkel med telegram. Kallenamn var svært vanleg, og med eit assosiasjonsrikt etternamn måtte det sjølvsagt bli Killa (Bukken) Gjennom telegramdistribusjonen la kanskje Egil grunnlaget for ei lang skøytekarriere, han er framleis blant dei sterkaste i veteranklassen og har imponerande personlege rekordar.

Telefonen minner meg ofte om jul, for i fire-femårsalderen fekk me koma ned til far som sat på eit kontor i den berømte «Fleskekassen.» Då fekk me låna telefonen, og far snurra på talskiva for at me skulle få snakka med julenissen. Det var kjekt og spennande, og det var jo nesten ein nedtur då me seinare fekk vita at nissen eigentleg sat på nabokontoret og heitte Leif Ljung og som me seinare møtte både på Salem og i Turnhallen. Me fekk telefon på Espeland snøvinteren 1962, og eg gløymer ikkje montør Hans Frette, seinare ordførar og stortingsmann, som kjempa seg gjennom enorme snømengder på veg til telefonstolpen. Ordet, fasttelefon, er ganske nytt, og har vel etter kvart berre ein funksjon, nemleg å ringa for å finna mobilen. Mitt første møte med mobiltelefon var på HV-øving frå Maldal til Bjerga ein gong på 80-talet. Det var ein svær koloss på ti kilo i eigen sekk på brystet, det vil seia svært upraktisk med minimal sikt ned dei stupbratte liane mot Hylsfjorden i typisk HV-vèr.

Livet nedanfor Espeland var også spennande, og tysdag, torsdag og laurdag kunne me ta Ljungbussen til byen kl.9.15 med retur 11.30. Eigarane av buss-selskapet, Rolf og Kåre Ljung, var både sjåførar og reparatørar, og på velinformert hald blir det hevda at dei vidareførte faren, Herman si linje ved å gi gratis skyss til dei «som sat skikkeleg hardt i det.» Praten undervegs gjekk ofte livleg, og det blei neppe rolegare då dei stoppa for å ta opp fleire passasjerar på «gamlevegen» i Høllandstræ.

Vel framme i sentrum forsvann dei til kvar sin kant, rettare sagt til sin butikk, for det var jo viktig å få tid til ein kaffekopp òg. Folk den gong var svært trufaste mot matbutikken sin, og det var nok eit visst mønster. For mange i AP og arbeidarrørsla var det naturleg å handla på Forbruken/Coop (i lokala til dagens Intersport), dei med ein viss kontakt med kyrkja/bedehuset, valde kanskje Torstein Årthun (der Saxoføhn og Herresalongen held til) Var det tilfeldig at far som Venstremann blei fast kunde hos Vetti, kanskje var det fordi han hadde gått på gymnaset med Torgeir? Var det geografien eller kjøtdisken hos Skorpe som avgjorde om kunder handla der eller hos Saudvang (puben)? Kolonialbutikkane var små, og kundane hadde ingen sjanse til å trilla eigne korger rundt for å finna varene. Det var stort sett å stå ved disken, lesa opp frå handlelista medan ekspeditrisene gjekk rundt og fann varene. Dei fleste betalte kontant, men mange hadde «bok» og betalte ein gong i månaden. Folk bar varene heim i handlenett eller pappesker før plastikkposane kom. Sjølv om forretningane stengte i 16-tida, blei det lange dagar for eigarane fordi det var gratis varekjøring etter stengetid. Eg hugsar det var viktig å ta fysisk vare på prosentlappane etter som du ikkje hadde automatisk registrering via trumfkort eller andre moderne ordningar.

Utan bil var det mange som bar tungt heim frå butikken, men melka kom heldigvis nesten heilt heim, dvs. til næraste melkerampe. Antal tome melkeflasker i eit slags nettingstativ fortalde sjåføren (meiner å huska Magnar Dahl, kanskje med varebilen til Forbruken?) kor mykje mjølk kvar husstand skulle ha, og i ei enkel verd var det jo berre ein type mjølk, heilmjøk. Ingen snakka om at heilmjølka inneheldt for mykje feitt, og eg kan ikkje minnast noko snakk om verken gluten, pollen eller allslags allergier. Då me gjekk julabukk, var me i alle fall glade for alt me fekk utan å sjekka om karamellene var laktosefri.

Som Linda Eide alltid slår fast: Siste ord er verken sagt eller skrive. I neste omgang ser me på politiske saker og ulike hendingar på 50-talet, det blir med andre ord nedanfor Espeland, men innanfor både Sandeid og Ilstad.