Vegen mot betre vegar?

Samtidig som fjellhyttene i dalføra ikring oss blir både større og finare og forventingane til preparering av skiløypene aukar, veks også krava til vegstandard og parkeringsfasilitetar ved utfartsområda.

Kommuneøkonomien til Sauda tilseier at det kan ta tid å få oppgradert denne infrastrukturen – om då ikkje finansieringa kan løysast på andre måtar enn at alt skal betalast av kommunen.

På dei mest populære utfartsdagane i påska er det ofte uråd å finna parkeringsplass både i Jeskedalen ved innfarten til Åbødalen, på Minnehaugen i Slettedalen og på Brekkestølsbråtet i Nordstøldalen. Parkerte bilar står ofte langs vegen og legg beslag på møteplassar nedover frå parkeringsplassane. Det som skulle vore ei hyggeleg utflukt får ein verst tenkeleg start.

Lokale styresmakter har vore klare over problemstillinga ei tid. Både parkeringsplassar og vegar er blitt flikka på det siste tiåret. Eit politisk vedtak pålegg alle nye hytter å sjølv skaffa vinterparkering eller å betala kommunen for å ordna det. Utvidingane i kommunal regi har imidlertid ikkje klart å halda tritt med auken i bruken av utfartsområda.

«Trafikk- og parkeringskaos er ikkje kjekt»

Den beste reklamen ein får er når fornøgde gjester vender heim og fortel om kor kjekt dei har hatt det som turist i Sauda. Trafikk- og parkeringskaos er ikkje kjekt. Det er tvert om slikt byfolket rømmer frå når dei set kursen mot vinterfjellet i Sauda. Det freistar verken å komma tilbake til eller til å bygga hytte på ein stad der ein nærast må slåst for å komma seg fram på dei dagane då ein aller helst vil nytta hytta.

«lurt å sjå nærare på mulegheitene for å ta i bruk brukarbetaling»

Det er utfordrande for ansvarlege lokalpolitikarar å setta av dei nødvendige titals millionar kronene som trengst for å få fart på veg- og parkeringsopprustinga. Dette samtidig som ein må redusera tenestenivået i helse- og oppvekstsektoren. Derfor kan det vera lurt å sjå nærare på mulegheitene for å ta i bruk brukarbetaling for å få fart på arbeidet med å legga betre til rette for at alle som ønsker det kan komma seg ut i naturen i utfartsområda. Dette har fleire av nabokommunane til Sauda gjort – med hell.

Å krevja betaling for å nytta kommunale vegar og parkeringsplassar kan i utgangspunktet verka negativt både for gjester og fastbuande. Viss inntektene kjem dei same brukarane til gode gjennom betre vegar og parkeringsplassar, kan eit spleiselag mellom hyttefolk, dagsturistar, kommunen og gjerne næringslivet på sikt vera eit skikkeleg vinn-vinn-konsept.