FOTO: Colourbox

Sauda stopper AstraZeneca-vaksineringa inntil vidare

Kommuneoverlege Knut A. Omdal har stoppa bruken av AstraZeneca si koronavaksine i Sauda  inntil Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket har gjort sine vurderingar.

Omlag 200 saudabuar har så langt fått koronavaksine frå produsenten AstraZeneca, men etter at Danmark stansa bruk av vaksinen etter dødsfall, har Sauda midlertidig stoppa bruken. Kommuneoverlege Knut A. Omdal opplyser til Ryfylke at vaksinen ikkje kjem til å bli brukt inntil ein konklusjon er klar frå sentralt hald.

– Vi er nøydd til å avvente dei meldingane som kjem frå FHI, og inntil det skjer, blir ikkje vaksinen brukt i Sauda. Vi forholder oss til dei anbefalingane som kjem frå sentralt hald, og eg har foreløpig ikkje meir informasjon å gi, seier han til Ryfylke.

Det danske helsedepartementet opplyser at den plutselege stansen av bruk av AstraZeneca-vaksiner, er eit føre-var-tiltak etter at det er funnen ein muleg samanheng mellom vaksinen og nylege tilfelle av dødeleg blodpropp.

Produsenten AstraZeneca meiner sjølv vaksinen er trygg, og slår fast at det ikke er nokon påvist samanheng mellom vaksina og dei omtala biverknadane i Danmark.

– Pasientsikkerheit har høgaste prioritet for AstraZeneca. Tilsynsmyndigheitene har tydelege og strenge effektivitets- og sikkerhetskrav for godkjenning av alle nye legemidler, og det inkluderer vår vaksine, skriv AstraZeneca i en kommentar til nyheitsbyrået NTB torsdag ettermiddag.