– Medarbeidarane har følgt alle rutinar i høve til smittevern, opplyser administrerande direktør Olav Klausen i ei pressemelding frå Helse Fonna.
Det pågår nå smittesporing i samarbeid med Haugesund kommune og medarbeidarane sine heimkommunar. Smittesituasjonen går så langt ikkje ut over drifta ved sjukehuset, men det kan henda at noko planlagt behandling må utsettast, opplyser helseføretaket.
Ifølge Helse Fonna skal det ikkje vera grunn til å vera engsteleg for å møta opp til avtalt behandling ved sjukehuset.
Minst muleg besøk
Onsdag melde Helse Fonna at ikkje alle rettar seg etter dei gjeldande reglane for besøk. Føretaket oppmodar på ny besøkande om å repektera besøksreglane, slik at ein unngår å hamna i tilsvarande situasjon som i fjor vår, då alle sjukehusa i landet var heilt stengt for besøkande.
Torsdag gjentar helseføretaket oppmodinga.
– Me ber pårørande vurdera om det er naudsynt å komma på besøk. Me ønsker minst muleg besøk på sjukehusa våre nå når smittesituasjonen lokalt er så uoversiktleg, seier direktør Klausen, og legg til at det kan bli aktuelt å innføra besøksstopp.
Torsdag føremiddag var totalt tre koronapasientar innlagt på Haugesund sjukehus. Ingen av desse har behov for intensivbehandling.