Scandinavian Seaplanes vurderer å etablere seg i Sauda, der dei kan tilby blant anna charterturar, sightseeing og direkteflygingar frå basen i Sauda.
Scandinavian Seaplanes vurderer å etablere seg i Sauda, der dei kan tilby blant anna charterturar, sightseeing og direkteflygingar frå basen i Sauda. FOTO: Scandinavian Seaplanes.

Vurderer sjøflybase i Sauda

Direkte flygingar frå Sauda til Bergen, Stavanger eller Oslo. Det høyrast urealistisk ut, men kan bli ein realitet om Scandinavian Seaplanes etablerer seg i Sauda.

– Ja, direkteflygingar til for eksempel Bergen, Stavanger, Oslo og Porsgrunn er mulegheiter vi vil sjå nærare på, og er behovet på plass, får vi det til. Først og fremst må vi gjere eit grundig forarbeid med å kartlegge behova som finst i Sauda, hovudsakeleg innanfor næringslivet. Signala vi har fått, er positive, og vi ser lyst på mulegheita for ei etablering innst i Saudafjorden, seier kommersiell direktør i Scandinavian Seaplanes, Sven Arild Wågsæther, til Ryfylke.

Det bergensbaserte selskapet driv i dag flyging frå fire basar i Norge, men har planar om ein betydeleg ekspensjon dei komande åra. Blant stadene dei jobbar med etablering er Italia, Hellas, Sverige og Norge, mellom anna i Sauda. Selskapet har sjølv kontakta Sauda kommune for ei kartlegging av behov og mulegheiter for tilrettelegging.

– Ein sjøflybase krev ikkje store investeringar eller inngrep i natur. For at vi skal kunne etablere oss, treng vi ei flytebrygge, ein tank til drivstoff, eit kontor og mulegheiter for overnatting for ein pilot, seier han vidare.

Samfunnsnyttig

Direkteflyging er bare éin av mange mulegheiter Scandinavian Seaplanes har anledning til å tilby frå Sauda. Charterflyging for næringslivet er eit viktig bein å stå på for selskapet, og det er kartlegginga av dette behovet som pågår no. At sjøflytilbodet kan bli nyttig og populært i Sauda, har Wågsæther stor tru på.

– Sjøfly har hatt ei viktig samfunnsnyttig rolle heilt sidan 1920-talet, og det første sjøflytilbodet i Bergen kom så tidleg som i 1930. Den typiske bruken av sjøfly har tradisjonelt vore til post- og ambulanseflyging, men også til ein del frakt som er vanskeleg å få til med andre framkomstmiddel. Sjøflyet kan lande kor som helst, der det er vatn, seier han.

Wågsæther er fly-ingeniør, og har jobba innan luftfart sidan 1980. Han fortel at pilotane som er tilknytt Scandinavian Seaplanes er rutinerte og vaksne flygarar, noko som gir ekstra tryggheit og komfort når ein er passasjer i sjøfly.

– Sjøflya er små, og har kapasitet til ta opptil seks passasjerar. Vi avgrensar det normalt til fire. Det er fly som er langt meir manuelle enn flya dei store selskapa brukar. Det er veldig kjekt for pilotane, som ofte flyr maskinar som i stor grad er datastyrte, seier han.

Sven Arild Wågsæther skildrar ei etablering i Sauda som ei satsing som vil gi byen fleire nye mulegheiter. Scandinavian Seaplanes tilbyr tenester til både private og næringsliv. Han seier at selskapet i stor grad vil tilpasse tilbodet til dei behova som blir avdekka.

– Vi kan som nemnt køyre direktetrafikk, lufttaxi og charterturar for bedrifter, men det er også muleg å frakte turistar og bedrifter ut på sightseeing. Vestlandet har mange unike og flotte plassar, som vi har mulegheit til å knytte saman på ein ny måte. Vi ser lyst på ei etablering i Sauda. Det kan bli nye ”Sauda lufthavn” avsluttar han muntert.

God plass

Kommunalsjef næring og samfunn, Eirik Daniel Fatnes, stadfestar at det bergenske selskapet har tatt kontakt med Sauda kommune, med ønske om ei kartlegging av behov og alternative tilgjengelege fasilitetar. Fatnes fortel at medlemsbedriftene i Sauda Vekst har blitt spurt om ei etablering av ein sjøflybase er noko næringslivet ønsker seg.

– Dei som har svart på vår henvendelse om dette, har gitt utrykk for at dei er positive til eit slikt tilbod i Sauda. Geografisk er Sauda godt plassert for ei slik etablering, sidan vi ligg nære kysten og omtrent midt mellom Stavanger og Bergen, seier han.

Fatnes seier at det ser lovande ut med tanke på ønsker og krav frå Scandinavian Seaplanes, som har sendt kommunen ei liste med tilpassingar og fasilitetar som må på plass før ei etablering er muleg. På lista står blant anna ei ti meter lang flytebrygge med tilgang på straum og vatn, samt drivstofftank ved brygga. I tillegg treng selskapet kontor ved kaia med tilgjengeleg toalett, samt ein låsbar container og overnattingsmulegheiter for ein pilot.

– Sauda har fleire bedrifter som vi meiner vil nytte seg av eit slikt tilbod. Vi har også god plass, og har neppe problem med å få til dei øvrige krava frå selskapet. Vi vurderer dette som nyttig for både bedrifter og ikkje minst for reiselivsnæringa i Sauda, som treng gode tiltak, avsluttar han.

Mange mulegheiter

Sauda Ferie & Fritid-leiar Ragnar Fosstveit er ein av aktørane som har gitt kommunen innspel med tanke på etableringsplanane. Han meiner tilbod om sjøflytransport vil vere positivt for Sauda.

– Sjøfly har mange bruksområder som reiselivet i Sauda vil ha nytte og glede av, som sightseeing. Eit slikt tilbod vil også kunne bli ein del av arrangement som Saudadagane, der vi tidligare år har nytta helikopter. Det kan godt vere sjøfly også. Vi trur ei etablering som denne er bra for Sauda, seier han til Ryfylke.

Fosstveit peikar på fleire bruksområder som er aktuelle for Scandinavian Seaplanes. Selskapet har allereie ein base på Hardangervidda som blir nytta om sommaren. Denne blir blant anna brukt til å frakte jegarar ut i landskapet. Dette kan også vere ein mulegheit i områda rundt Sauda, trur han.

– Spesielt innan storviltjakt kan dette vere ein mulegheit. Det er mange måtar å sy saman ulike tilbod som inkluderer sjøfly. Det viktigaste er uansett at om eit slikt tilbod blir realitet i Sauda, så må vi sørge for å gjere det synleg for folk, så folk veit om mulegheitene vi har, avsluttar han.

Dette er Scandinavian Seaplanes

* Etablert i 2016, og har hovudkontor i Bergen

* Har basar i Bergen, Flåm/Aurland, Eidfjord og Skinnarbu (sesong)

* Opererer med fire Cessna 206-sjøfly

* Har kontrakt med 20 freelancepilotar

* Flyr omlag 2 000 passasjerar årleg

* Har både private og næringsliv som kundar

* Opererer både med sightseeing og lufttaxi-tilbod

* Planleggar utviding både i Norge og fleire andre land i Europa