Bente Sofie og Kjell Ove selde huset i Saudasjøen og er blitt bønder i "Bygdå".
Bente Sofie og Kjell Ove selde huset i Saudasjøen og er blitt bønder i "Bygdå".

Nyter det gode liv i vakre Hellandsbygd

Med djupe røter frå ein barndom med grendeliv i Hylsfjorden, drøymde Bente Sofie Løland og Kjell Ove Fattnes om eit ekte gardbrukarliv. Nå bur dei på eigen gard i Hellandsbygd.

– Nå er det ikkje bare Årtun-, Øverland- og Handeland-gardar i Hellandsbygd. Nå er det også ein gard med Fattnes-folk her, smiler Kjell Ove Fattnes.

Det er snart åtte månader sidan sambuarparet Bente Sofie Løland (44) og Kjell Ove Fattnes (49) flytta til Hellandsbygd, saman med yngstedottera Selma (7) og hunden Tinka (5). I fjor sommar selde dei huset i bustadfeltet Saua Gard i Saudasjøen, heimen der dei på det meste har hatt sju ungar i hus. Nå bur dei på eit lite gardsbruk midt i hjarta av Hellandsbygd, med seks geiter, fire Angus-ammekyr, seks NRF-stutar, fire høner – og snart eit par kaninar – om vesle Selma får det som ho vil.

Huset i Saua Gard hadde vore heimen til Kjell Ove sidan midten av 1990-talet. I 2010 flytta Bente Sofie inn, og til saman hadde dei då seks ungar, før vesle Selma kom til verda i 2013. Dei levde eit travelt og hektisk kvardagsliv som dei aldri ville vore forutan, med jobbar, barnehage, skule, fritidssyslar og arbeid og oppgåver i hus og heim.

Då Kjell Ove og Bente Sofie var små hoppa dei i høyet på gardar i Hylsfjorden. Nå kan dei hoppa i eige høy i Hellandsbygd saman med Selma (7). FOTO: Ingvil Bakka.

Likevel, begge to drøymde innimellom om eit annleis liv. Draumen var å bu og driva ein gard, tett på naturen, med ansvar for dyr og eigedom.

– Me snakka om det i fleire år. Me kjende på ei tiltrekking mot det å bu og leva på eit  gardsbruk i eit lite grendesamfunn. Vår første tanke var å leita etter noko i Hylsfjorden-området, fortel Kjell Ove.

Gardsbruket har to traktorar – og ein firehjuling (bak). FOTO: Ingvil Bakka.

For, Bente Sofie Løland har vakse opp på Løland i Hylsfjorden, der familien hadde både sauer, kyr, høner, geiter, rev og mink. Etter at ho blei vaksen og flytta heimanfrå har ho budd i Sauda. Kjell Ove, derimot, har vakse opp på Rød i Sauda, men etternamnet hans avslører at også han stammar frå eit gardsbruk i Hylsfjorden. Han fortel om ein barndom med hyppige besøk på Fattnes, der han tok del i slått og skoging, og stell av sauer, griser, revar, kyr og høns.

”Både Fattnes, Løland og Hellandsbygd er jo små grendesamfunn. Det var jo akkurat det me var på jakt etter”

Men noko ledig gardsbruk i Hylsfjorden-området var ikkje så lett å finna. Både Bente Sofie og Kjell Ove hadde slektningar som stod før seg i ”køen” når det gjaldt å ta over familiegarden.

I april 2019 dukka denne annonsen opp i påskeavisa til Ryfylke:

”Gard til sals – med store fjellvidder, i Hellandsbygd, Sauda”.

Sjølv om Kjell Ove og Bente Sofie i utgangspunktet drøymde om gardsliv – og fjordliv – på kjende trakter på Løland eller Fattnes, blei ein fjellgard midt mellom Sauda og Breiborg også plutseleg eit alternativ.

– Både Fattnes, Løland og Hellandsbygd er jo små grendesamfunn. Det var jo akkurat det me var på jakt etter, seier Bente Sofie.

Denne annonsen stod i Ryfylke i april 2019, og fekk sambuarparet til å sperra opp augo.

Dei brukte god tid på å tenka seg godt om. I løpet av våren 2020 blei avgjerda tatt: Dei ville selga huset i Saua Gard og kjøpa gardsbruket i Hellandsbygd. Og slik blei det. I juni var sala i boks, og august i fjor flytta dei inn på garden, som tidlegare var eigd av Tone Årtun og Sverre Almenningen.

– Tone og Sverre tok på seg å drifta sjølve dyrehaldet på garden ut 2020, men etter nyttår har me overtatt, forklarer Kjell Ove.

Sommaren i fjor brukte dei på å pussa opp store delar av det digre, raudmålte bustadhuset på garden. Sambuarparet har også valt å behalda ein del av gamalt interiør, og har enkelt fått sett sitt eige preg på heimen ved bruk av måling. Midt i oppussingsperioden, i juli, fekk Kjell Ove eit hjarteinfarkt.

– Det var ei åre som var tett og ei anna som var nesten tett. Eg blei litt redusert, og oppussinga gjekk litt treigare etter dette, fortel han.

– Var det tanken på den store omveltinga i livet og all oppussinga som gav deg hjarteinfarkt?

– Haha, nei. Det hadde nok skjedd uansett. Men eg kom meg raskt, og me fekk god hjelp frå familie og venner til dei tyngste løfta, forklarer han.

Den gamle brannalarmboksen heng framleis på løeveggen. FOTO: Ingvil Bakka.

I tillegg til bustadhus, eit tredelt låvebygg i fleire etasjar, ein garasje og litt innmark har garden til Kjell Ove og Bente Sofie heile 36 000 mål med utmark. Utmarksareala ligg på begge sider av Slettedalsvatnet, og har også tre stølar med hyttebygg på. I dag leiger dei ut fjellbeite til andre bønder, som til saman har nær 900 sauer gåande på desse fjelleigedommane i Slettedalen.

Både Bente Sofie og Kjell Ove jobbar i full stilling ved Sauda vidaregåande skule i Åbøbyen, han som lærar ved VG2 industriteknologi, ho som ansvarleg for kantinedrift og bibliotek.

Å kombinera dette med drifta av småbruket i Hellandsbygd går, ifølge paret, heilt fint.

– Det er ingen problem med å fylla dagane, nei. Men me må bruka éin time i fjøset på morgonen og halvannan time på kvelden. Pluss alt mulig anna utover ettermiddagen, forklarer Kjell Ove.

Alle storfe-dyra på garden har namn. Denne og ein til heiter Konrad, og alle er glade i kos. FOTO: Ingvil Bakka.

I løa bur fire Angus-ammekyr og seks NRF-stutar. Skal dei ha fleire store dyr må familien rydda og bygga om litt i løa. FOTO: Ingvil Bakka.

Dei har frå starten av vore klar over at dei ikkje blir rike av eller kan leva av gardsdrifta åleine.

– Det er lite driftstilskot å henta på ei så lita drift. Me har plass til fleire dyr, dersom me ryddar og bygger om litt i fjøset. Men me får ta ting litt etter litt, seier Kjell Ove.

Huset i Saua Gard selde dei for 1,9 millionar kroner. Gardsbruket kjøpte dei for 3,5 millionar. I tillegg kjøpte dei dyr og utstyr, så sluttsummen passerte fire millionar.

Etter åtte månader i ”Bygdå” føler dei to eks-hylsfjordingane seg som ekte ”hedlingar”.

Sjølv om det har vore koronarestriksjonar heilt sidan dei flytta opp, har dei fått kjenna på alt det gode med å bu i ei lita fjellgrend. Alle har tatt godt imot dei, dei får både god hjelp og gode råd frå naboar og andre hedlingar og dei har fått kjenna på det gode samhaldet blant innbyggarane i den vesle grenda.

”Ikkje alle er skapt for å bu i Oslo”

– Ikkje alle er skapt for å bu i Oslo eller i andre folkerike område. Her har me det heilt fantastisk godt. Sjølv om det er travelt å vera gardbrukar, er det eit mykje fredelegare og meir avslappande liv her oppe i Hellandsbygd. Fjelluft gjer godt, seier Kjell Ove.

Det er i dag 48 fastbuande i Hellandsbygd. I tillegg er det fleire feriehus, som blir flittig brukt.

Også sjuåringen Selma stortrivst. Ho måtte rett nok flytta frå klassen sin på Risvoll skule for å begynna på Austarheim skule, skulekrinsen som ligg nærast Hellandsbygd.

– Me var 13 elevar på Risvoll. Nå er me 22 i klassen min, fortel ho, som tar buss og drosje til og frå skulen.

Ho har gjerne med seg vennar heim til Hellandsbygd, der alle synest det er stor stas med alle dyra til Selma.

– Det tar 15-20 minutt å kjøra ned til Sauda. Det går så fint. Me måtte bruka bilen ofte då me budde i Saudasjøen også, seier Bente Sofie.

Dei andre ungane til sambuarparet er i alderen 19 til 28 år og har flytta heimanfrå. Også dei støttar foreldra i valet om å flytta til Hellandsbygd.

– Dei ser at dette var viktig for oss, og at dette er noko me har drøymt om lenge. I jula var me samla her alle saman,  fortel Bente Sofie.

Bustadhuset på garden har fem soverom, pluss soveplass i kjellarstove og loftsstove.

Den gamle plogen skal fiksast og målast – og stå ved innkjørsla til garden, med namneskiltet ”Fattnes Garden” på. FOTO: Ingvil Bakka.

– Også andre rundt oss har vore positive til valet vårt. Men det er kanskje enkelte som synest me er galne som gjer dette. Men me har tenkt oss godt om, og veit at det er dette me vil, seier Bente Sofie.

Nå håper dei at dei inspirerer andre til å gjera liknande livsendrande val, og at også andre, spesielt barnefamiliar, ser verdiane av å bu i eit lite grendesamfunn som Hellandsbygd.

”Me føler oss veldig heime her”

Då Ryfylke besøkte Bente Sofie, Kjell Ove og Selma i vinterferien, venta dei spent på at den eine ammekua skulle kalve. I påsken skal geitene kjea, og i sommar skal alle dyra ut på fjellbeite.

– Me har jo vore med på slike ting før, men det er litt annleis når det er våre eigne dyr. Det er spennande og veldig givande å jobba med dyr, erkjenner Kjell Ove.

Med vår i emning, ein sommar sikte – og ein forhåpentlegvis ende på koronapandemien – ser sambuarparet lyst på framtida og livet som småbruksbønder i vesle Hellandsbygd.

– Me føler oss veldig heime her. Me har ikkje angra ein dag, seier Bente Sofie.

Tone og Sverre selde familiegarden

Sverre Almenningen og Tone Årtun var i 20/30-åra og budde i Bergen då dei blei bedt om å ta over eitt av bruka på Årtun i Hellandsbygd. I dag, førti år seinare, er garden selt og ekteparet bur i nabohuset. FOTO: Ingvil Bakka.

Etter eit nært 40 år langt gardbrukarliv har Tone Årtun og Sverre Almenningen lagt dei fleste arbeidshanskane på hylla.

Ekteparet Tone Årtun og Sverre Almenningen hadde i fleire år tenkt på at dei måtte finna nokon som kunne ta over gardsbruket deira i Hellandsbygd. Eit eigarbyte ville i så fall bety at dei måtte flytta frå garden og huset som hadde vore heimen deira i nær 40 år.

– Me vurderte fleire alternativ. Skulle me flytta ned til Sauda, eller til Bergen, der me budde før – eller skulle me bli verande i Hellandsbygd? Me fann ut at me ønska å bli i ”Bygdå”, seier Tone Årtun.

I 2016 kjøpte dei derfor nabohuset til garden sin, ein av dei tre maskinistbustadane til Saudefaldene, som då var i privat eige og brukt som feriehus med to store leilegheiter. Dei gjorde dei to bueiningane om til èin, og pussa opp, for å ha eit godt hus og ein god heim til å nyta pensjonisttilværet.

”Det er jo mindre å gjera, og ei voldsom omstilling”

I dag trivst dei godt i huset, som ligg bare nokre titals meter frå bustadhuset og løa til det tidlegare gardsbruket deira, som nå er eigd av Bente Sofie Løland og Kjell Ove Fattnes.

– Ja, me lever eit lettlegare liv nå, erkjenner Tone.

Sverre innrømmer at det har tatt tid å omstilla seg til eit liv utan gardsbruk og ansvar for dyra i fjøset.

– Det er jo mindre å gjera, og ei voldsom omstilling. Eg kjem nok til å trenga litt tid. Ein har jo følelsar for garden og dyra, seier han.

Nå har dei kun ansvar for border collie-hunden Windy og katten Murre.

Tone Årtun og Sverre Almenningen budde i Bergen då dei i 1981 blei spurt om å ta over garden i Hellandsbygd etter til onkelen til Tone. I snart førti år har dei drive garden, dei siste åra med storfe og geiter. Tidlegare prøvde dei seg med sau nokre år, og høns, ein hest og ein gris har dei også hatt.

– Men det har aldri vore noko stordrift, presiserer Sverre.

Begge har kombinert gardsdrifta med lærarjobb nede i Sauda.

Sjølve bustadhuset på garden er bygd i 1963, elles har Tone og Sverre bygd på og endra litt på løa og renovert to av stølsbygga i Slettedalen.

Det var då pensjonistlivet nærma seg at ekteparet begynte å undersøka om nokon ville ta over det vesle gardsbruket med dei store utmarksområda i Slettedalen.

– Me spurde heile slekta, men ingen ville ta over. Me valde til slutt å setta inn annonser i fleire lokalaviser i distriktet. Me håpa at det var noko som kunne tenka seg å kjøpa garden og flytta hit. Det er buplikt på gardsbruket og Hellandsbygd treng folk, forklarer Tone.

Fleire interessentar meldte seg, men det var ikkje før Bente Sofie Løland og Kjell Ove Fattnes dukka opp det blei fart i sakene. Eitt år etter annonsen i Ryfylke var salet ferdigforhandla og bruket på Årtun hadde fått nye eigarar.

– Me er veldig glade for at det blei dei. Me har hatt det veldig godt her, og håpar at dei får det like bra, seier Tone.

Sjølv om dei er næraste nabo til dei nye drivarane er dei bevisste på å ikkje blanda seg inn i den nye gardsdrifta, så sant Bente Sofie og Kjell Ove ikkje ber om råd.

– Dei må gjera akkurat som dei vil. Det er deira gard nå, seier Tone.

Ekteparet stiller seg også til disposisjon viss dei nye drivarane skulle komma til å trenga hjelp i samband med ferie eller er oppatt på anna vis.

Bente Sofie og Kjell Ove kan ikkje få rosa Tone og Sverre nok.

– Dei er veldig gode naboar som gjerne gir oss gode råd og tips. Det er godt å ha dei i nærleiken, seier Bente Sofie.