31 millionar sparedusjar

Like før påske kom nyheita om at ein ny aktør, sveitsiske Xbit, bankar på døra til Stasjon I i Hellandsbygd med ønske om å nytta den nedlagde kraftstasjonen til utvinning av kryptovaluta. Lokalpolitikarane i Sauda er mildt sagt delte i synet på om dei helsar ei slik etablering velkommen.

I 2018 var Stavangerbaserte KryptoVault nær ved å gå i gang med utvinning av kryptovaluta både i Hellandsbygd og på Birkelandsmoen. Trass i eit stipulert kraftforbruk tilsvarande smelteverket, var det få som stilte kritiske spørsmål ved etableringa. Til slutt var det sentrale styresmakter som sette krokfot på siddisane ved å slå fast at denne industrien ikkje kvalifiserer til redusert elavgift. Dette kan ikkje tolkast på annan måte enn at styresmaktene ikkje ønsker å motivera til etablering av denne typen verksemd i Norge.

Når det nå på ny er aktuelt med kryptomining i kraftstasjonen, brygger det opp til ein heilt annan debatt enn ved førre krossveg. Denne debatten er viktig, ikkje bare lokalt, men også i eit globalt perspektiv.

«er det berekraftig å nytta store mengder rein, fornybar energi til å framstilla digital valuta?»

Med eit stadig aukande fokus i samfunnet på å redusera energibruken, ligg spørsmålet om det er berekraftig å nytta store mengder rein, fornybar energi til å framstilla digital valuta oppe i dagen. Sjølv om Xbit sin produksjon bare vil krevja ein femdel av KryptoVault sin, blir kraftforbruket betydeleg. Ein maksimal effekt på ti megawatt gir eit forbruk på opptil 87,6 gigawattimar i året. Dette er meir enn det alminnelege forbruket i Sauda (utan smelteverket) og tilsvarer straumen ein sparer gjennom drygt 31 millionar timinutts dusjar med sparedusj.

«tilsvarer straumen ein sparer gjennom drygt 31 millionar timinutts dusjar med sparedusj»

Sauda blir ikkje rent ned av bedrifter som vil etablera seg i kommunen. For eit kommunestyre som skal styra ein tidvis krevjande økonomi, er sjølvsagt all aktivitet som kan generera fleire kroner i kassen av interesse. Om ikkje Xbit kjem med arbeidsplassar, ligg det andre inntekter for lokalsamfunnet i ei slik etablering, mellom anna gjennom oppdrag til  lokalt næringsliv.

Som så ofte må dei folkevalde vurdera om fordelane ved etableringa er større enn ulempene. I denne saka må kommunens øvste tillitsvalde også ta stilling til om desse vurderingane skal gjerast med blikket godt festa i bakken like foran seg, eller om ein også har ei moralsk forplikting til å sjå saka med eit betydeleg vidare perspektiv.