Det vil bli arbeidsplassar og aktivitet i Hellandsbygd

Det skjer mykje positivt i Sauda for tida. Me har fleire potensielle nyetableringar i næringslivet, det er planar for gondolheis som gir ein meir attraktivt hyttemarknad, Åbøbyen skal få seg ei ansiktsløfting i Sneaths park.

Kanskje får me liv i Stasjon 1 med ei etablering av eit datasenter? Ei sak som har delt dei ulike partia i Sauda i to. Mykje av kritikken er viktig å få fram, men mykje av det som kjem fram  manglar nyanser den andre vegen og.

SV har til dømes ved fleire høve kome med påstand om at aktøren har pressa oss politikarar til eit hastevedtak. Slik eg les saksframlegget så stemmer ikkje dette, men det står at kundegrunnlaget for verksemda er til stades. Får dei klarsignal til å etablera seg, så vil dei ikkje dra ting ut i tid, men starta opp så snart som mogleg.  Dette er noko positivt, dei har ein realistisk plan.

Argumentet om at dette er ein forhasta prosess er urimeleg. Å jobba for å få datasenter til Sauda er noko som me aktivt har jobba med dei siste to periodane. Både administrasjon og New Kaupang, som Sauda er med og eig i, har vore tydeleg på at datasenter er noko som er høgaktuelt i Sauda ved fleire høve. Me har sjølv vedtatt at me ynskjer slik industri til Sauda. Då bør det ikkje overraske nokon at det kunne komma ei slik etablering.  Ikkje i noko møte som eg kan hugsa har det blitt stilt spørsmål om å setja begrensningar på kva ein skal ha lov til å driva med inne i datasentera eller stadfesting av kor mange direkte arbeidsplassar som er akseptable for at ei bedrift skal kunne få lov til å etablera datasenter i Sauda. I mine auge er det dette me har strategisk næringsplan til. På denne måten hjelper me administrasjonen til å bruka sine begrensa ressursar der me har størst tru på at me kan få ei etablering. Her har AP/SV ein jobb å gjera med å forankra kva andre lovlege næringar som ikkje er velkomne til Sauda.

For det er det dette er. Ein lovleg industri etter dei reguleringane me har i Noreg i dag. Eg er sjølv ikkje overbegeistra for kryptovaluta. Det finst betre måtar å utnytta den norske krafta på. Men så lenge me lever i ein open marknad, kan ikkje me som enkeltkommune styra kva det er etterspørsel av i marknaden. Det er Stortinget som skal regulera kva me kan bruka krafta til i Noreg. Med mindre me trur at me kan kopla oss av resten av straumnettet, så kan xbit eller andre aktørar like lett etablera seg i Tysvær eller Aberdeen som dei kan i Sauda, og bruka Sauda sin kraftproduksjon der.

Kor levedyktig kryptovaluta er som produkt er det mange meiningar om, men det er ikkje kryptovaluta som er produktet denne aktøren skal levera. Det er datakraft. Datakraft er det auka behov for i framtida med eller utan kryptovaluta. Så lenge me ikkje beveger oss inn i ei verd der sosiale medier, kattevideoar og online dataspel skal bli ulovleg, vil behovet for slik datakraft auka i framtida.  Derfor er det mest positive med denne etableringa at me får på plass infrastruktur til noko som me veit det vil vera behov for i framtida. Me viser datasenterbransjen at Sauda er ein lokasjon som har gode forutsetningar for etablering. Så må det vera opp til marknaden og Stortinget å bestemma om det skal bli prosessert kattevideoar eller kryptovaluta i Hellandsbygd i framtida.

For min  del opplever eg det som ein lite risikofylt bransje å gå inn i. Då har eg større forståing for Høgre sitt standpunkt i denne saka. Men her har eg tillit til jobben som administrasjonen har gjort i vurderinga av kva det vil kosta å renovera bygget. Tilstanden til bygget var og til diskusjon for to år sidan. I møtet blei moglegheita for ein kostnadssprekk tatt opp av fleire representantar. Det er lagt opp til at leiga i løpet av kort tid skal dekka kostnadene ved å pusse opp bygget, og begge partar vil ta risiko ved ein kostnadssprekk.

Begge dei etableringane som me behandla i sist kommunestyremøte, har vore ganske nøkterne med talet på arbeidsplassar dei forventar skal komme. Men det vil bli arbeidsplassar i dette prosjektet, og sjølv om det ikkje blir så mange direkte arbeidsplassar, så vil det skapa ringverknader i lokalsamfunnet når datasenteret skal etablerast og i driftsfasen etterpå. Mitt inntrykk er at vedlikehaldet på dette datasenteret kjem til å handla meir om å ha elektrikarar og ventilasjonsfolk frå Sauda til å sjå over anlegget enn utanlandsk arbeidskraft som sit ved ein skjerm i Sveits. Dette vil gi gode rammer for at saudabedrifter kan få arbeid, og bygga seg større over tid.