Det må nemnast at det var ingen som i starten visste årsaka til at ein naudpeilesendar blei utløyst ved Bleskestadmoen tidleg kveld.
Fleire frivillige frå Røde Kors sleppte alt og la i veg, utan å vita kor mange som var i naud, om alvorsgrad, om kva utstyr som ville trengjast eller om fysiske hindringar.
Dei bar tungt i timar i grisevær og på vanskeleg føre før dei nådde fram.
Som kjent så enda det heldigvis bra.
Men – det eit viktig poeng ved slike aksjonar, i tillegg til at dei skal enda godt, og det er at dei gir god og relevant trening. For Røde Kors er det ikkje spørsmål om det blir ein neste aksjon, men når den kjem. For då å utføra krevjande, utfordrande og risikofulle aksjonar, krevst det mannskap som er situasjonstrente, folk med erfaring, kunnskap og klokskap.
Slik sett var det bra at så mange valde å ta del i utrykkinga denne kvelden og natta for å trena, læra, erfara og kjenna på kor krevjande men og meiningsfullt det kan vera som frivillig i Røde Kors.
Klapp på skuldra og ros til alle som velvillig stilte opp!