Helikopter_Sauda Bilverkstad

Éin ny person smitta – ber Meca-kundar ta kontakt

Éin person til fekk laurdag positivt testsvar, og Sauda Kommune ber alle som har vore i kontakt med Sauda Bilverkstad Meca dei siste to vekene om å kontakte koronatelefonen.

Omlag 40 personar har i samband med koronautbrotet på Sauda Bilverkstad blitt sett i karantene og testa. Kommuneoverlegen opplyser nå ved 14-tiden laurdag at éin av desse personane har testa positivt.

– Denne personen er testa i samband med smittesporinga frå Sauda Bilverkstad, og det var ikkje uventa at det ville kome positive prøvesvar frå desse testane. Vi meiner vi har kontroll slik situasjonen er per no, seier han til Ryfylke.

Dersom du har vore kunde av Sauda Bilverkstad Meca i løpet av veke 15 eller 16, ber Sauda kommune deg no om å kontakte koronatelefonen snarast. Kommunen har utvida koronatelefonens kapasitet i helga.

– Dette gjeld alle som har vore på Meca i løpet av desse vekene, og om ein ikkje allereie er blitt kontakta av kommunen, ber vi om at ein snarast ringer koronatelefonen, seier kommuneoverlege Knut A. Omdal til Ryfylke laurdag.

Årsaka til kommunens oppfordring, er eit smitteutbrot knyte til verkstaden. Han opplyser at kundelistene som smittesporingsteamet har jobba med, ikkje er komplette, og at ein derfor går ut med denne oppfordringa.

– Dei smittetilfella vi har hatt i Sauda fram til no, har vore enkeltståande. Den smitta vi no jobbar med å spore frå Sauda Bilverkstad, er å rekne som eit utbrot, og det er det første i Sauda, seier han.

– En belastning for alle

Dagleg leiar ved Sauda Bilverkstad, Kjell-Marwin Lavik, seier til Ryfylke at utbrottet er ei belastning for bedrifta, men at ein no gjer det ein kan for å løyse situasjonen i samarbeid med kommunen. Han seier at det aller viktigste i denne situasjonen er at liv og helse kjem i første rekke.

– For ei lita bedrift er dette sjølvsagt ei belastning. Det er ei belastning for alle. Men då vi fekk vite om den første smitta, stengte vi ned verkstaden på timen. Vi kjem vidare til å følge dei råda vi får av kommuneoverlegen, og så håper vi verkeleg at ingen har blitt smitta i kontakt med oss, seier han.

Lavik opplyser at Sauda bilverkstad kjem til å halde stengt inntil kommuneoverlegen vurderer det som rett å opne igjen.