Høgre med tvang og samanslåing

Rogaland Høgre har gløymt at folk i Rogaland for berre få år sidan sa nei til deira plan om å sentralisera og slå saman kommunar. No er Rogaland Høgre og Margaret Hagerup ute og lanserer sine nye draumar om meir tvang, samanslåing og sentralisering.

Høgre har teke til orde for at Rogaland sine 23 kommunar bør bli til ein stad mellom 3-6 kommunar. I ein debatt mot meg på NRK Rogaland stadfesta Margaret Hagerup at dette ikkje var eit solo-utspel og at ho hadde Rogaland Høgre i ryggen.

Konsekvensane av eit Rogaland med 3 eller 6 kommunar er i praksis at lokaldemokratiet vert avvikla. Ein hovudårsak til at Høgre vil gjera dette er at dei er uroa for styringa av Forus som i dag ligg til tre kommunar. For det fyrste så er Forus eit sivilisert og velorganisert samfunn. For det andre så er det dramatisk å fjerna til dømes Sauda, Karmøy, Eigersund og Hå fordi ei rundkøyring på Forus ligg i tre kommunar.

Eg vil likevel gje honnør til Høgre og Hagerup for å vera opne og ærlege om kva dei vil med Rogaland. Senterpartiet er ein hovudmotstandar til Høgre i alle saker som gjeld sentralisering av Norge. Det gjeld og i denne saka. Så med Senterpartiet i regjering etter valet så vil kommunane i Rogaland få tid til å prioritera betre tenester nær folk, framfor nye rundar med samanslåing.