Ta naskinga på alvor

Eit aukande problem med nasking på Extra er ikkje bare eit problem for Coop og butikksjef Ivar Bakka. Omfanget av ugjerningane er i ferd med å skapa ein ukultur i ungdomsmiljøet. Slik vil me ikkje ha det i Sauda.

I det norske samfunnet er svært mykje bygd på tillit. Skattemelding, sjukefråvere, sal av ved, morellar og egg langs vegane og sjølvbetente kassar i daglegvarebutikkane baserer seg 100 prosent på at me som innbyggarar og kundar er ærlege og gjer opp for oss. I det store og heile fungerer dette godt. Men ikkje alltid. Den siste tida kan det synast som om det har gått sport i å ta med seg varer frå butikken utan å betala for seg.

«I det norske samfunnet er svært mykje bygd på tillit»

Fantestrekar? Kanskje. Men alt har ei grense. Og uansett handlar dette om tjuveri. Steling. I eskalerande omfang. Ein kan sjølvsagt ha sympati for Extra-sjefen si tilnærming med å gi tjuvane sjansen til å gjera opp for seg, gjerne i samarbeid med foreldra. Utviklinga tyder imidlertid på at dette har liten grad av førebyggande effekt. Det må sterkare lut til.

«det kan gi alvorlege følger om ein står bokført med tjuveri på rullebladet»

Skal ein nå fram til dei unge, må det samarbeid til. Handelsnæringa, skulane, MOT, politiet, ungdommane og ikkje minst foreldra deira må involverast. Det er også innafor for publikum, andre kundar, å gi beskjed om dei ser nokon som «gløymer» å betala. Fenomenet nasking handlar om rett og gale, om kultur og ukultur, om moral og ikkje minst konsekvensar. For det er ikkje til å stikka under stol at det kan gi alvorlege følger om ein står bokført med tjuveri på rullebladet, mellom anna for framtidig yrkesliv. Det er på tide å minna om alvoret i saka.

Alle kan gjera feil og alle kan ta ukloke val. For dei unge kan det også vera vanskeleg å stå imot gjengen, sjølv om ein inst inne er ukomfortabel med korleis ting utartar. «Det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn» heiter det i eit afrikansk ordtak. Nå er det tid for «landsbyen» å mobilisera gode krefter, for å snu ein veksande ukultur.