«Legg ned Sauda»

«Legg ned Sauda» var ein sluttreplikk i eit revynummer i forrige århundre, når Sauda slåst mot fylkeskommunen om framtida til sjukehuset.

Nå treng me ikkje reisa så langt. Kommuneplanen med endringar er ein effektiv stoppar for all utvikling av reiseliv og turistnæring i Sauda. Endringsforslaget var ute til høyring, og her kom mange innspel frå entreprenørar, byggfirma, utbyggarar og hytteeigarar. Alle var rimeleg samstemte, men ikkje teke omsyn til.

Til og med reguleringsplanen for Haugane 1, som har vore på rundgang i tre år hjå Statsforvaltaren, Sivilombodsmannen og Kommunaldepartementet, vil kommunen ha endringar ved neste endringsrunde mot alle offentlege etatar.

Dette vitnar om kunnskapsløyse og uendeleg arroganse.

Her blei teke privat initiativ til utbygging i Svandal og eventuelt bygging av gondolbane, «Folkeheisen». Nå har kommunalsjef for næring og samfunn sagt stopp for planlegging og bygging i Svandal i opptil fire år.

I 2004 starta hytteboomen. I 2007 var det over. Etter dette er her ikkje opna eit einaste nytt byggefelt før i 2019.

Nå er marknaden her, og skal me vera med, må me handla nå.

Grunngjevinga for stansen er at kommunen skal «hjelpa» Sauda Skitrekk med plassering av leilegheitsbygg et cetera. Kva kompetanse finst i Sauda kommune som meiner seg betre enn fagpersonar med brei nasjonal og internasjonal erfaring med store utbyggingar på sin CV?

Alt som har blitt utbygd i Svandal er ikkje på grunn av hjelp frå Sauda kommune, men på grunn av ein uendeleg kamp mot kommunen. Reguleringsvedtaket frå 2006 for Haugane 2, skal også vurderast ved neste justering. Her blir det vist til eit «meklingsresultat». Statsforvaltaren, før Fylkesmannen, har aldri hatt meklingsrett i planarbeidet, berre etter innsigelsar på kommunestyrevedtak. «Kommuneplan påvirker ikke hovedrammene i planen». Dette er feil. Alle innspel frå hytteeigarane påpeikar dette.

Ved neste revisjon skal kommunen ha mekling mellom kommunen, Statsforvaltaren og fylkeskommunen. Kva lov/forskrift skal anvendast til dette og kva skal eventuelt endrast i denne omgangen?

Kvifor nyttar Sauda kommune Statsforvaltaren som fagmann, når Statsforvaltaren har bevist at han tar feil?

Kven tapar på at hytteeigarane sjølv får avgjera kor stor hytte han vil byggja? Det har fungert godt i Haugane.

Blir kommunen styrt etter «misunnelsesprinsippet»?

Når er det muleg å få sakspapir som er skjønelege for lekfolk? Eg oppdaga at tre i formannskapet ikkje visste resultatet av det dei hadde stemt over.

Saka om kommuneplanen er tragisk. Her har folk som ikkje har tatt til seg politiske signal fått alt for tafatte politikarar, med ordføraren i spissen, med på ulovlege/dårlege vedtak for Sauda si framtid.

Innbyggjarar, næringsliv og hyttefolk er neglisjert og ikkje teke omsyn til.

Skrot heile planen, start på nytt med blanke ark og nytt mannskap i alle ledd. Eller «Legg ned Sauda».

Eg utfordrar både den politiske og den administrative leiinga i Sauda kommune til å svara meg, helst i Ryfylke.