På høg tid for rådhuset

Er det rimeleg å bruka drygt 20 millionar kroner på å renovera innsida av rådhuset? Vel, bygget er i alle fall overmode for ei oppgradering. Og strengt tatt har ikkje kommunen lenger store valet.

Det er over 80 år sidan det funkis-inspirerte rådhuset i Sauda blei høgtidsamt innvigd, i januar 1940. Sidan då har bygget, som til liks med ei rekke andre større bygg og bustadhus i Sauda er teikna av den kjende Stavanger-arkitekten Gustav Helland, gitt hus til ei rekke kommunale instansar. Då rådhuset var nytt, hadde det plass til heile kommuneadministrasjonen – og litt til.

«politikarane har sett rådhuset på vent og heller brukt pengane på andre gode og sårt tiltrengte føremål»

I 2007 fekk rådhuset eit utandørs ansiktsløft. Trass eit fleire tiår gammalt ønske om og behov for å oppgradera bygget innvendig, har stort sett bare mindre omfattande oppussingar blitt gjennomført. Dette mellom anna fordi politikarane har sett rådhuset på vent og heller brukt pengane på andre gode og sårt tiltrengte føremål.

«tilsynsorganet krev at kommunen gjer noko for å betra inneklimaet i bygget»

Samfunnet, arbeidslivet og Sauda kommune har endra seg mykje sidan 1940. Det same har publikum sine krav og forventningar til kommunen, dei fysiske krava til ein arbeidsplass og ikkje minst krava til tilgjengelegheit til offentlege bygg. Derfor ligg det nå føre ikkje bare ønske om å gjera noko med rådhuset, men krav frå instansar utanfrå, mellom dei Arbeidstilsynet. Det statlege tilsynsorganet krev at kommunen gjer noko for å betra inneklimaet i bygget. Rådhuset er heller ikkje tilgjengeleg for alle. Korleis skulle ein for eksempel løyst det dersom ein rørslehemma person, avhengig av rullestol, blei valt inn i kommunestyret? Eller blei tilsett i teknisk eining – med kontor i tredje etasje?

Ei ombygging i tråd med planane som nå ligg føre, vil gi plass til fleire enn tilfellet er i dag. Med ein skikkeleg heis kjem ein sjumilssteg nærare eit universelt utforma rådhus. Og eit moderne ventilasjonsanlegg vil kunna gi både tilsette og folkevalde eit godt inneklima. Det skulle bare mangla at ikkje også dei rådhustilsette skal ha ein arbeidsplass som er i tråd med lova.