Eit gratis tilbod om hjernehinnebetennelse-vaksine

Smittsam hjernehinnebetennelse er ein svært alvorleg sjukdom som kan råke kven som helst uansett alder, og treng augeblikkeleg behandling.

Utan snarleg behandling kan sjukdommen resultere i alvorlege skader som døvleik og hjerneskade, og sjukdommen kan vere dødeleg. Rundt ti prosent av dei som får sjukdommen døyr. Rogaland ungdommens fylkesråd ynskjer eit gratis tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse for alle elevar ved vidaregåande skular i Rogaland, i alderen 16-19 år. Vaksinen kostar i dag om lag 400 kroner per dose.

Denne aldersgruppa har høgare risiko for smitte samanlikna med den resterande delen av befolkninga. Ein samanslutning av tett samvære med andre ungdommar over fleire dagar, høgt alkoholinntak, festing, deling av sigarettar og flasker, aktiv eller passiv røyking og redusert søvn aukar risikoen for smitte, og for at sjukdommen får ei alvorleg utvikling. Dette gjeld spesielt russefeiring, men kan også vere aktuelt ved idrettssamlingar, festivalar, ungdomsleirar og liknande.

Smittsam hjernehinnebetennelse er i smittevernlova definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Folketrygda yt full godtgjersle av utgifter til legehjelp ved undersøking, behandling og kontroll for allmennfarlege smittsame sjukdommar, pasienten skal altså ikkje betale eigendel. I tillegg dekkjer folketrygda utgifter til antiinfektive lækjemiddel til behandling. Det er med andre ord billegare å bli smitta, enn å verte vaksinert mot den døyelege sjukdommen.

Tal frå Folkehelseinstituttets meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS) viser at Rogaland i perioden 1999–2018 hadde 81 registrerte tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse, som er nest flest i Norge etter Oslo. Sidan 2012 har ein 19 år gammal mann og ei 18 år gammal dame døydd av smittsam hjernehinnebetennelse i Rogaland. Etablerast det eit gratis tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse er det grunn til å tru, med erfaring frå andre kommunar, at fleire vil vaksinere seg. Erfaringanes tale er klar. Når vaksinen vert gratis er det fleire som tar den, og om fleire vaksinerast minskar risikoen for utbrot og dødsfall.

Eit gratis tilbod om vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelsen er allereie tilbode i fleire kommunar i Rogaland. I kommunane Stavanger, Sandnes og Eigersund er det tilbode gratis vaksine til russekull. Det er med andre ord stor ulikskap i helsetilbodet.

Rogaland ungdommens fylkesråd ynskjer å arbeide for å jamne ut sosioøkonomiske skilnader mellom ungdom i Rogaland. Erfaringar frå Oslo visar at når vaksinen vert kostnadsfri, vil fleire ungdommar frå familiar med låg sosioøkonomisk status vaksinere seg. Gratis vaksinering bidrar også til å jamne ut ulikskapar i helsetilbodet. Det skal ikkje vere tjukkleiken på lommeboka eller postnummeret som avgjer om ein får vaksinen eller ikkje!