Å strø på vinteren, for å gå på ræv om sommaren

I går gjekk eg på ræv så det sang på nylagt asfalt krydra med rikelig strøsand fra i vinter. Eg oppdaga til min glede at eg ikkje er beinskjør og slapp med skrubbsår og blåveis.

I dag har eg kosta for eigen dør og rundt naboens. Så er spørsmålet,- kor gjer eg av kilovis med sand? Fristande å måka den ned i sluken, men sikkert ikkje lurt. I bioavfall, eller restavfall? Neppe.

Eg forstår det skal sparast pengar, men fall på sykkel, moped eller til beins kan vel ikkje vera økonomisk? Eit beinbrudd med opptrening og sjukmelding har også ein prislapp – men den kjem vel på eit anna budsjett?