DSC01230
FOTO: Portal Norge.

Sjå Ryfylkepuls frå Sand direkte frå klokka 12

I dag, 10. september, nå, går den andre Ryfylkepuls-sendinga på lufta – direkte frå Sand.

Vasskraft, havbruk, industri, jordbruk, reiseliv og utdanning. Ryfylkingen syslar med så mangt. Denne hausten reiser Ryfylkealliansen rundt i regionen og lagar digital-tv som tar pulsen på Ryfylke. Ryfylkepuls, heiter prosjektet,som skal synleggjera Ryfylke ut over regionen og skapa stoltheit internt.

Ryfylkepuls er støtta av Rogaland fylkeskommune og Ryfylkefondet.

Først ute var Strand, der sendinga gjekk ut på direkten fredag 13. august. Denne sendinga ligg tilgjengeleg på nettstaden til Ryfylkepuls her:

I dag, 10. september er turen komen til Suldal og Sand. Den sendinga startar klokka 12 og kan sjåast her:

Ryfylkepuls frå Sand byr ifølge prosjektleiar Tor Øyvind Skeiseid på ungdommeleg satsing på skule og næring, eit populært bad og glade laksar. Handelsstanden på Sand er på offensiven, og ny lokalmat- og turistsatsing har tatt heilt av.

Den vidare planen for Ryfylkepuls er å senda frå tomathovudstaden Finnøy i oktober, Hjelmeland i november og Sauda i desember. Prosjektleiar Skeiseid tar gjerne imot innspel og gode idear om kva den sendinga skal innehalda…