Venstre: For deg som både vil kutte utslepp og ha vekst i næringslivet

Årets val er eit klimaval, og du avgjer. Venstre meiner det er mogeleg å løyse klimakrisa – og det er førsteprioritet. Men me må ha noko å leve av etter olja. Da må me vere på lag med næringslivet – for fridom og mogelegheiter for alle.

Venstre vil ikkje berre ta Noreg ut av oljealderen. Me skal ta landet inn i fornybaralderen, og bidra til å skape nye, grøne jobbar. Me får ikkje grøn omstilling med raude tal. Venstre vil ha ei lønsam løysing på klimakrisa.

Klimaet kjenner ingen landegrenser. Venstre meiner at me ikkje kan løyse klimakrisa utan eit sterkt og forpliktande europeisk samarbeid. Me treng også EØS-avtalen for fortsatt tilgang på vår største eksportmarknad.

Det skal løne seg å velje miljøvenleg – for folk og næringsliv. Venstre vil behalde elbilfordelane, gjere buss, tog og bane billegare og gjere det meir attraktivt å investere i nye, grøne bedrifter.

For å vinne klimakampen er kunnskap avgjerande. Alle born skal ha kvalifiserte lærarar, slik at dei kan fullføra skulen og ha like mogelegheiter til å lykkast.

Venstre prioriterer dei som treng det mest. Familiane med dårlegast råd bør få barnehage og SFO gratis. Menneske som slit med rus må få hjelp, ikkje straff. Me lyfter dei som sit nederst ved bordet.

Gjennom å kutte utslepp, styrke skulen, skape jobbar og hjelpe dei som slit mest skal me inn i ei grøn framtid med fridom og mogelegheiter for alle. Då trengs eit sterkt Venstre. Di stemme betyr ein forskjell.