Redda av høge kraftprisar

Hausten er tida for kommuneadministrasjon og -politikarar til å finna ut korleis kommunen sine pengar skal disponerast det kommande året. Med få unntak har dette for Sauda sin del vore krevjande øvingar, der ønske, forventningar og behov er større enn pengesekken toler. Slik blir det også denne gongen, men ikkje på langt nær så krevjande som det kunne vore.

Rådmannens forslag til budsjett for 2022 er på nær 643 millionar kroner, drygt 42 millionar meir enn for 2021. Auken på sju prosent har inga eintydig adresse, men kjem mellom anna som følge av eit kalkulert overskot og alminneleg lønns- og prisvekst. Veksten til trass, det skal likevel kuttast på tenestenivå, mellom anna i Heimetenester, ifølge det framlagde budsjettforslaget.

«Rådmannen har vore svært edrueleg i sine reknestykke»

Samla forslag til kostnadsreduksjonar for 2022 er på 8,5 millionar kroner, der alt skal hentast frå Helse. Dei konkrete kuttforslaga tar utgangspunkt i ein rapport frå rådgivingsselskapet PwC, som i sommar har gått drifta av kommunen nærare etter i saumane. Rådmannen har vore svært edrueleg i sine reknestykke, og føreslår innsparing klart under det som i rapporten blir skildra som potensialet.

For mange privathushald byr dei høge straumprisane denne hausten på ubehagelege overraskingar i form av straumrekningar langt over normalen. For Sauda kommune og alle innbyggarane som mottar tenester frå kommunen kjem imidlertid den rekorddyre straumen med motsett forteikn. I 2022 vil Sauda kommune for første gong passera 100 millionar kroner i kraftrelaterte inntekter, 22 millionar meir enn i år. Det kjem mellom anna som følge av høge kraftprisar, som gjer at kommunen har god avanse på konsesjonskrafta, som blir kjøpt billeg og selt til marknadspris.

«urovekkande når Sauda kommune år etter år vedtar budsjett utan at dei store kraftinntektene viser tydelegare igjen»

Det er urovekkande når Sauda kommune år etter år vedtar budsjett utan at dei store kraftinntektene viser tydelegare igjen i budsjettet. Pengane som bokstaveleg tala regnar ned over oss burde både vore sett av til «ein regnvêrsdag» og til å finansiera utviklingstiltak i lokalsamfunnet. I staden går det meste i det store sluket og pengar til utvikling blir henta i banken.

Administrasjon og politikarar slepper, viss dei vil, lett unna budsjettfloka denne gongen, takka vera dei høge straumprisane. Tala bak tala fortel likevel at arbeidet med å snu den kommunale pengebruken og bygga ein meir berekraftig økonomisk plattform er viktigare enn nokon gong. Kraftinntektene til kommunen er ein upåliteleg ven som ein ikkje bør lita for mykje på.