Tid og pengar spart

Sauda vidaregåande skule vil i slutten av november halde kurs i Plan- og bygningslova ved kursinstruktør Reidar Sverdrup frå Kluge advokatfirma. Målsettinga med kurset er å gje kursdeltakarane, både søkjarar og saksbehandlarar, same ståstad, oppdatert informasjon og verktøyet dei treng for å effektivisere handteringa av PBL- saker.

Tilsette frå fire kommunar, politikarar, bygg- og anleggsbransjen og grunneigarar har vist interesse og vil gjerne ha meir kunnskap om innhald og bruk av Plan og bygningslova. Kursprogrammet er skreddarsydd i samråd med lokale brukargrupper.

Fleire deltakarar melder at dei i tillegg til kursprogrammet også ser stor nytte av at kurset blir halde lokalt med samhandlande brukargrupper. Dette er ein arena der ein kan bygge nettverk for framtidig samarbeid.

Eit liknande kurs vart halde ved Sauda vgs i 2016. Kurset og kurshaldar Reidar Sverdrup fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Same kurshaldar er hyra inn og sikrar god kvalitet på kurset.