Ti covid-19-smitta på få dagar gjer at kommune går ut med nye smittevernråd.
Ti covid-19-smitta på få dagar gjer at kommune går ut med nye smittevernråd. FOTO: Portal Norge

Koronautbrota i Sauda: Innfører karanteneplikt

Talet på koronasmitta saudabuar aukar. Èin saudabu er innlagt på sjukehus.  Kommuneoverlegen innfører nå karanteneplikt for alle som deler hus og heim med ein koronasmitta.

– Husstandsmedlemmer av koronasmitta blir nå pålagt karantene i sju dagar, uavhengig av om ein har symptom eller ikkje, seier kommuneoverlege Knut A. Omdal.

Det er ingen tvil om at husstandsmedlemmer har auka sjanse for å bli smitta viss dei deler hus og heim med ein person som får påvist korona. Det viser seg at det er i tida frå ein blir smitta til ein utviklar symptom at ein er mest smittsam, og dette er grunnen til at ein nå krev at husstandmedlemmer går i karantene i ei veke. Målet er å unngå at husstandsmedlemmer går rundt i samfunnet, på jobb og skule, og spreier smitte – sjølv om testane dei har tatt så langt er negative.

Ventar fleire positive

I dag, måndag, hadde beredskapsgruppa i Sauda kommune eit akutt møte etter at smittesituasjonen i Sauda har eskalert i løpet av helga. Frå og med fredag til måndag morgon har ti saudabuar fått påvist koronasmitte. Dei smitta er i alderen tre år til over 80 år. Eit stort antal saudabuar har blitt testa i helga. Tre av desse hadde fått positivt utslag på hurtigtestar i helga, og det er venta at PCR-testane av desse også vil vera positive.

Vil førebygga

Kommuneoverlegen har nå vedtatt eit administrativt hastevedtak, i heimel med smittevernlova, med eigne reglar for folk i Sauda.

– Sauda har hatt lite smitte tidlegare. Skal me innføra tiltak er dette verkeleg tida for det. Klarer me å avgrensa smitten nå, kan me unngå at me får 30-40 nye smitta dei neste vekene, meiner Omdal.

Dagens vedtak om pålagt karanteneplikt for husstandsmedlemmer av koronasmitta, kom rett før det blei kjent at regjeringa nå innfører nye nasjonale reglar om karanteneplikt for husstandsmedlemmer når ein mistenker at ein person er smitta av omikron-varianten.

– Det viser jo at me i Sauda ligg i forkant. Innan smittevern er det å vera i forkant heilt avgjerande for å avgrensa smittespreiing. Det undrar meg at dei tiltaka me ser frå styresmaktene nå kjem på etterskot, i staden for å vera i forkant. Viss det ikkje kjem fleire tydelegare tiltak frå sentralt hald, er eg redd for at me vil få nye smittebølger i tida framover, seier Omdal.

Det lokale vedtaket om karanteneplikt for husstandsmedlemmer av smitta trer i kraft i dag, klokka 18.00.

Kommuneoverlegen sitt vedtak skal til behandling i formannskapet i morgon, tysdag.

Utbreidd testing

I løpet av helga vedtok kommuneoverlege Omdal også at det blir innført bruk av munnbind og testing av personalet i helse- og omsorgstenesta i Sauda. Det blei også sett i gang omfattande testing av barn, vaksne og pårørande knytt til éi barnehageavdeling og eit klassetrinn på ein barneskule.

– Alle nærkontaktar har fått to hurtigtestar kvar og skal testa seg måndag og onsdag, forklarer Omdal.

Èin innlagt på sjukehus

Dei siste dagane har altså ti personar fått påvist koronasmitte, samtidig er det venta at det vil komma fleire positive testsvar dei komande dagane. Ifølge Omdal tilhøyrer dei smitta ulike krinsar. Nokre har truleg blitt smitta utanfor Sauda, andre har fått smitten her i Sauda. 20 prosent av smittetilfella har ukjent opphav.

– Dei aller fleste har milde symptom. Det viser at vaksinen verkar, seier Omdal.

Ein av dei smitta er innlagt ved sjukehuset i Haugesund. Dei øvrige smitta er i isolasjon.

Kommuneoverlegen oppfordra uvaksinerte til å vaksinera seg.

– Uvaksinerte har ni gonger større sjanse for å smitta andre enn det vaksinerte har. Når ein vel å ikkje vaksinera seg risikerer ein alvorleg sjukdom. Ettersom tida går vil alle uvaksinerte bli smitta av korona, påpeiker Omdal.

Per i dag er det ikkje aktuelt å innføra krav om vaksinepass i Sauda.

– Nei, ikkje på det nåverande tidspunktet, seier dokter Omdal.

I tillegg til å vedta karanteneplikt for husstandsmedlemmer av koronasmitta, kjem Omdal nå med fleire såkalla forsterka råd:

* Alle med teikn til akutt sjukdom, spesielt luftvegssymptom, skal halda seg heime.

* Personar over tolv år skal testa seg ved symptom.

* Hald avstand til andre.

* Uvaksinerte blir oppfordra til å vaksinera seg.

* Reduser talet på nærkontaktar.

* Dei som har mulegheit til det, bør ha heimekontor.

* Det skal vera forsterka smitteverntiltak på alle arrangement. Dette inneber spriting og vasking av hender, og at det blir lagt tilrette for at folk kan halda avstand.

* Bruk munnbind der det ikkje er muleg å halda avstand innandørs.

* Serveringsstader bør kun servera ved bord.