Folkehelseinstituttet varslar ein dramatisk auke i smittetala dei kommande vekene. Det kan føre til at julefeiringa i Sauda blir annleis enn planlagt. Her frå julegateopninga tidlegare i desember.
Folkehelseinstituttet varslar ein dramatisk auke i smittetala dei kommande vekene. Det kan føre til at julefeiringa i Sauda blir annleis enn planlagt. Her frå julegateopninga tidlegare i desember. FOTO: Ingvil Bakka/arkiv.

FHI varslar enormt utbrot av omikron: Kommunen med kraftige jule-oppfordringar

FHI melder måndag at landet kan gå mot eit knusande stort smitteutbrot, og Sauda kommune ber alle som kjem til Sauda på julebesøk om å halde seg innomhus. Kommuneoverlegen utelukkar heller ikkje tiltak i skulen.

Måndag kom meldinga frå sentrale styresmakter at omikronvarianten har eksplodert i omfang og smittetal over heile landet. Fredag var talet på bekrefta omikrontilfelle i Norge 109, men måndag viste rapportane at heile 958 personar har fått påvist varianten som først blei oppdaga i Sør-Afrika.

Blant kommunane som har fått påvist omikronsmitte er Vindafjord. Saudas nabokommune har mellom anna innført gult nivå i skulane som følge av det høge smittetrykket og oppdaginga av omikrontilfelle. Vindafjord har til saman hatt 498 koronatilfelle, medan Sauda førebels har hatt 70.

Måndag publiserte Folkehelseinstituttet ei ny risikovurdering om omikron, og tala som blei lagt fram viste at Norge kan vere på veg mot eit smitteutbrot utanfor kontroll. FHI skriv at dei har berekna at landet om tre vekers tid kan få så mykje som 300 000 tilfelle kvar dag, og 50 til 200 sjukehusinnleggelsar dagleg. Ikkje overraskande har FHI i den same risikovurderinga gjort det klart at det no hastar med å få på plass det FHI-leiar Camilla Stoltenberg kallar ”betydelege tiltak”.

Råd kan bli krav

Kommunelege Knut A. Omdal snakkar med Ryfylke måndag, like etter at han har vore i møte med helseminister Ingvild Kjerkol. Omdal stadfestar at nye og endå strengare tiltak er venta frå regjeringa i løpet av kort tid.

– Det er ikkje klart kva desse tiltaka vil bli, men det er nok sannsynleg at ein del anbefalingar blir gjort om til krav. Dei tala som er lagt fram av FHI, er dramatiske, og om det blir så mange smitta som FHI fryktar, vil landet måtte kjempe for å halde dei viktige samfunnsorgana gåande. Etter det eg forstår, er det særleg tiltak som avgrensar kontakten mellom folk som er aktuelle for regjeringa å innføre, seier han.

Kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden, seier til Dagbladet måndag at det FHI skisserer, liknar ei unntakstilstand i Norge.

Spesielt innanfor helsevesenet vil eit omfattande utbrot, slik FHI skildrar det, vere kritisk. Helse Fonna er per i dag på gult nivå, og er rekna som svært pressa på kapasitet. Med andre ord vil eit plutseleg utbrot med mange tusen smitta, sette helsevesenet fare for å kollapse.

– Signala som fleire statsforvaltarar har gitt, går ut på at folk ikkje heilt forstår alvoret i det vi no er på veg inn i. Mitt inntrykk er likevel at saudabuen tar dette alvorleg, og at dei viser ansvarlegheit. Det er veldig bra og veldig viktig. Når vi no går inn i juletida, starter ein mobilitet blant folk, som kan vere ein katalysator for smitten. Derfor oppfordrar eg kraftig til å følge dei råda vi har gitt i samband med jula, seier Omdal.

– Svært alvorleg

Blant råda frå Sauda kommune, har mange lagt merke til formuleringa der alle tilreisande blir råda til å avgrense sine kontaktar til næraste familie, ved å halde seg heime. Også dei som bur i huset, er råda til å gjere det same, helst i ti dagar.

– Det kan virke strengt, og eg vil be folk om å sjølv ta dei nødvendige vala. Dette er råd og anbefalingar, og det overordna målet er at alle begrenser sine kontaktar til det absolutt mest nødvendige. Vi går mot eit betydeleg hopp i talet på smitta, og samtidig vil omikron ta over for delta som den dominerande varianten. Det vil også skje i Sauda, og også her vil det komme mange nye tilfelle.

Omdal fortel at 44 personar i Sauda har blitt smitta i den siste bølga med korona. 24 av desse har vore indekspasientar som har blitt smitta under opphald i andre kommunar. Kun to har hatt ukjent smitteveg, mens dei resterande har blitt smitta som nærkontaktar av indekspasientane. Av desse er 14 husstandsmedlemmer, og seks andre nærkontaktar. Omdal seier at kommunen såleis har god kontroll på den smitten dei kjenner til, men at det er viktig at vi får ned talet på nye tilfelle.

– Det er heilt klart at vi kan bremse smitten i Sauda ved å avgrense både reising og innreise i kommunen. Ved å unngå importsmitten, får vi stoppa ein stor del av smitten dei neste vekene. For å klare det, må kvar enkelt av oss ta ansvar. Reising og besøk er dei to punkta der vi kan bidra mest, seier Omdal, og legg til at det viktig å testa seg ved symptom.

Vindafjord har som nemnt sett skulane i gult nivå frå måndag denne veka. Om smitteauka i Sauda blir høg, utelukker ikkje kommuneoverlegen at dette kan bli aktuelt også i Sauda.

– Dette har vi diskutert seinast i dag. Det er ikkje konkrete planar om å gjere dette no, men vi vil vurdere det fortløpande. Situasjonen nasjonalt er no svært alvorleg, avsluttar han.

Tal frå VG viser at det i veke 48 var registrert 10 000 smitta i aldersgruppa null til 19 år i Norge.